Men sjølv draumar kan kvila i klangen frå ein bratsj. Varm, lyrisk, i seg sjølv full av ettertanke i det den torsdag kveld fekk liv av Tabea Zimmermann alt i opninga til William Waltons bratsjkonsert.
Den er frå 1929. Tonespråket er atonalt, utan at Walton på nokon måte insisterer på at det er eit stort poeng. Stemninga er poetisk. Zimmermann, ei av dei aller fremste bratsjistane på den internasjonale scena, får strofer av svar frå orkesteret, før drivande rytmisk pizzicato knipsar det bort, drar oss vidare, til satsen fell tilbake til sin eigen lyriske streng frå opninga.
Om det er både vart og fint, er det likevel først i andresatsen at solisten og orkesteret verkeleg finn heilt saman, som om dei trengte den langt tettare rytmen for å finna bare ein puls. Fagotten set tonen for tredje sats, sender over til Zimmermanns bratsj. Det er lysare nå hos Walton, enn det begynte, muntrare, på eit vis, i horn, obo, fløyte.
Gjennom det heile er Zimmermanns spel kontrollert og myndig, ingen tone får bli varmare eller større enn godt er, og når bratsjen spinn sine løp rundt tema frå småstryk og treblås, glitrar aldri det tekniske overskotet bare for å gjera det.. Ho held Walton på plass og bratsjklangen nesten litt tilbake. Så sklir heller aldri varmen og lyrikken over i det sentimentale.
Orkesteret kjem likevel aller best til sin rett i Sibelius aller første symfoni. Han spenner opp stort lerret, det er pauker og harper og basunar, men opninga er klarinettens, i ein av mange nydelege soloar frå treblåsrekkja denne kvelden, vakkert spelt av Håkon Vestly. Og om treblåssoloane er mange, gir strykarane i fellesskap romantisk klang og farge gjennom heile symfonien på ein måte som ikkje hadde vore muleg for ikkje så mange år sidan. Dirigent Stefan Solyom byggjer med fast grep opp spenninga verket gjennom, mot den store, romantiske finalen vi så gjerne vil ha alt av.
I ein konsert som også romma David Monrad Johansens fine, impresjonistiske tonedikt Pan, blei på tiltalande vis ein nesten innovervend varme og kontroll det som sette tonen. Det ga rom for tanken og poesien. Det var fint.