English version of this page

Digitale infrastrukturar og sikkerheit (DIAS)

Gruppa for Digitale infrastrukturar og sikkerheit (tidlegare Nettverk og Distribuerte system) fokuserer på sikkerheit og internett for framtida, der alt og alle kommuniserer. Vi undersøker paradigmer, arkitekturar og metodar som kan nyttast i utvikling av nye distribuerte applikasjonar.

Gruppebilde fra NDs sommerfest i juni 2018 (Foto: Xiaojie Zhu)

Forskinga til gruppa fokuserer på korleis slike applikasjonar kan lagast slik at dei oppfyller forventningane til brukarane når det gjeld sikring, pålitelegheit, korte svartider osv. Vi validerer våre resultat på mange måtar, med vekt på simuleringar, prototypar og reelle eksperiment.

Forskingsgruppa DIAS er eit assosiert toppforskingsmiljø ved det Matematisk-Naturvitskaplege fakultet med fokusområda: Nettverk og Distribuerte system (ND) og Informasjons- og cybersikkerhet (SEC)

Meir informasjon er å finne på den engelske versjonen av gruppesida.

Publisert 28. mars 2019 15:52 - Sist endret 28. mars 2019 15:52