Minneord om Elisabeth Hurlen

Elisabeth Hurlen, eller Beth, som vi alltid har kalla henne, døydde 2. oktober, og blei gravlagd den 12., vel 90 år gammal. For dei av oss hadde henne som kollega, lever minnet om henne som sjølve grunnstolpen på Ifi, Institutt for informatikk ved Universitetet i Oslo, der ho var tilsett frå før instituttet blei oppretta i 1977, og fram til ho blei 70 år, i 1998.

Vi minnast Beth kompetanseperson og mentor, og rådgjevar for alle kategoriar tilsette. I tillegg til det omfattande adminstrative arbeidet, som ho dei første åra nesten var åleine om, var det mange som hadde behov for å snakke med henne. Og ho tok seg tid til å vere samtalepartnar, ikkje sjeldan om ting som hadde lite med arbeidet å gjere, endå så travelt ho hadde det.

Familien til Beth var ein ekte realistfamilie. Sjølv hadde ho hovudfag i kjemi frå 1955. Ho blei gift med Tor Hurlen, som seinare blei professor ved Kjemisk institutt. Etter studiane arbeidde ho som kjemikar på laboratoriet på Radiumhospitalet fram til dei fekk døtrene, Rikke og Anne, som båe etter kvart tok hovudfag ved det instituttet mamma arbeidde ved. Beth var heimeverande med borna til 1976. Men det betydde så visst ikkje at ho ikkje engasjerte seg utanfor heimen. Det var det frivillige musikklivet som var hennar arena, og ho var i mange år sentral i Norsk Skoleorkesterforbund, og seinare i Oslo kvartettforening. Musikk-engasjementet har og levd vidare i familien.

Då ho fann det på tide å gå ut i arbeidslivet att, var det trange tider ved universitetet, og mat.-nat.-fakultetet såg seg råd til berre ei halv stilling til henne, då ho blei tilsett som instituttsekretær ved Ifi i 1976. Til hjelp hadde ho ein einaste kontorsekretær, ved eit fag som hadde ein eksplosiv studentvekst, og der talet på tilsette, og undervisningsromsituasjonen alltid låg på etterskot i høve til behovet.

Og hennar gode evner til samarbeid og miljøskaping kom godt med. Ikkje minst i dei nærast konstante flytteprosessane instituttet sto oppe i, og som ho hadde ein stor det av ansvaret for. Først frå matematikkbygningen til Fysikkbygningen, og så, etter åtte år der, fekk Ifi endeleg sitt eige hus i Informatikkbygningen i Gaustadbekkdalen, som dei delte med den eigentlege huseigaren,  Norsk Reknesentral, og EDB-senteret ved universitet. Men også her blei det fort trangt, og studentareal måtte byggjast om til kontor, i takt med at talet på tilsette voks, både vitskaplege, tekniske og administrative. Ho fekk etter kvart meir saksbehandlarhjelp, men med det auka leiaransvaret, som kontorsjef. Først og fremst for ein veksande studieadminstrasjon, men og for nye tilsette i økonomi- og personaladministrasjon. Ho var profesjonell i leiarrollen. Det utøvande ansvaret gav ho frå seg, men følgde opp med rettleiing og opplæring. Effektivitet, nøyaktigheit og humør var stikkord for måten ho arbeidde på. Samstundes la ho vekt på å skape eit institutt med samhald og godt sosialt miljø. Ho samarbeidde venleg og godt med Mat.nat.-fakultetet, og det gjorde og sitt til at instituttet etter kvart fekk dei midlane dei hadde behov for.

Like før ho fylte 67, døydde mannen hennar, Tor, brått og uventa. Dette var sjølvsagt eit hardt slag for henne, og gjorde at ho måtte legge planane om eit felles pensjonist-tilvere på hylla, og heldt fram i arbeidet i enno tre år. Etter ho gjekk av, i 1998, gjekk ho over i frivilleg arbeid ved Røa bibliotek, og la ned mange arbeidstimar der i godt over ti år, heilt til helsa sa stopp. Dei siste åra var ho litt prega av sin høge alder, men dei som har hatt kontakt med henne, fortel om godt humør, og at gode minne frå Ifi-arbeidsdagen hennar ofte har dukka opp hjå henne.

Det humøret og den pliktoppfyllande mentor-ånda ho representerte, sette sitt preg på instituttadministrasjonen, og framleis er det slik at ein kan kjenne den «i veggene», tjue år etter at ho slutta. Vi lyser fred over hennar minne.

Av Narve Trædal
Publisert 24. okt. 2018 10:05 - Sist endret 24. okt. 2018 10:05