Blogg

Grisputten i Lillomarka

Ved Grisputten i Lillomarka ein septemberdag 2018

Aasmund Sudbø skriv om fysikk, teknikk og tenking

Ei svært menneskeleg historie

«I skodepelet om Hamlet kjem utbrotet «For eit kunstverk mennesket er!» Delvis undrande over kor noble og intelligente vi er, delvis fortvila over våre feil. Som redaktørar av Scientific American vil vi slutte oss til denne karakteristikken av mennesket som vi har frå diktaren William Shakespeare. I dette dette spesialnummeret av magasinet skal vi alle få lov til å stille trongen vi har til å forstå vår art.

Diktaren på 1500-talet hadde eventyra som kjelde til sin innsikt om mennesket. Nå i dag kan vi nytte oss av perspektivet som ligg i naturvitskapen. Då kan vi for eksempel spørje oss korleis Homo Sapiens nå kan stå att som den einaste menneskearten på to bein, når det før oss var eit utal av slike artar på jorda? I artikkelen «Einaste oppreiste hominin att», målar vår redaktør Kate Wong eit bilete av reisa til arten vår. Slå opp på side 64.»

Slik lyder dei fyste to avsnitta i leiarartikkelen i septembernummeret 2018 av Scientific American

Tenkegenet

Det mest interessante forskningsresultatet om demens har eg funne i ein artikkel i augustnummeret 2016 av Scientific American.  Etter å ha lese artikkelen blei eg overtydd om at i huntington-genet har vi eit gen som regulerer både intelligens og demens, geni og galskap, alt i eitt og same gen.  Eg har prøva å skrive litt om det på norsk, men verken titan.uio.no  eller  forskning.no var interessert. Her er det eg har skreve