Tal og fakta
SMN er ei tverrdisiplinær storsatsing ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet (MN-fakultetet), som skal fremje forsking innan materialvitskap og nanoteknologi.
Vår forsking reknast som framifrå både nasjonalt og internasjonalt.
Nøkkeltal for 2010
Vitskaplege publikasjonar |
|
PhD-stipendiatar og Post docs |
60 |
Vitskaplege årsverk |
13 |
Administrative årsverk |
3 |
Budsjett |
68 |
Budsjett, eksternfinansiert |
93% |
Forskingsprosjekt, eksternfinansiert |
|
Senter for materialvitskap og nanoteknologi skal vere det dominerande norske grunnforskingsmiljøet innan materiale og nanovitskap retta mot funksjonelle materiale, energi og IKT. SMN ugjer den faglege spydspiss for material- og energiforsking ved Universitetet i Oslo. SMN skal dyrke fram tverrfglege toppforskingsmiljø og ved det utvikle seg til eit internasjonalt godt synleg miljø på høgt, fagleg nivå. Gjennom kvalitet og styrke skal SMN vere ein fagleg møteplass både nasjonalt og internasjonalt.
Deltakande forskingsmiljø
Aktiviteten representerar hovudtynga av fakultetet sine satsingsmiljø innan fagfeltet og består av delar av forskingsgrupper frå Fysisk instiutt (Fi) og Kjemisk institutt (Ki). Desse skal ha ein kvalitet og breidde som målast ved at dei er sentrale i toppforskingsmiljø eller utviklingsmiljø utnemnt ved MN-fakultetet. Følgjande forskingsgrupper er tilknytta pr. 16.11.2010:
- FERMIO - Functional Energy Related Materials in Oslo
- inGAP - Innovative Natural Gas Processes and Products
- LENS - Light and Electricity from Novel Semiconductors
- NAFUMA - Nanostructures and functional materials