Naturfag 1/26: Ord

Dette nummeret har fått tittelen ORD, med undertittel «tekst, tale og teikning». Ord finn vi i nedskrevne tekstar som vi kan lese. Vi finn dei i eigenproduserte tekstar som vi kan skrive.

Ord svever i lufta når vi snakkar saman, både i det vi sjølve seier og det dei andre seier som vi lyttar til. I tillegg har vi tatt med teikning. Det verkar kanskje rart? Men teikning kan vere forløparen til ord, det kan vere støtte for ord som vi tenker eller det kan vere ein måte å kommunisere på. I teikneseriar blir gjerne skriven tekst og teikning kombinert.

Naturvitskap har sine eigne ord vi bør lære oss, og naturen rundt oss og i oss gir oss eit godt utgangspunkt for å setje ord på det vi ser og erfarer. Vi les og skriv ord også når vi vil finne ut meir om naturen.

Under kvar bolk i dette nummeret finn du ulike artiklar i litt ulike sjangrar. Nokre er meir akademiske, andre meir personlege. Nokre er meir overordna, andre viser konkrete aktivitetar. Til saman håpar vi du finn inspirasjon til korleis du kan arbeide med ord på ulike måtar i naturfagstimane.

INNHALD

Lese, skrive, lytte og snakke i naturfag

TEKST
Oppdrag som stimulerer elever til lesing og skriving i naturfag
Når rike oppgaver gjør elevene til «små eksperter»
Tekstnær lesing i naturfag
Å utfordre og motivere i lese- og skriveopplæringen
Fornuft og følelsar – i naturfag
Å gjøre rede for i naturfag på vg1
Spiss – tidsskriftet der elever publiserer egne forskningsartikler
KI er her. Skal elevene fortsatt skrive naturfagsrapporten selv?

TALE
Samtale om sanseerfaringar
Kritisk tenkning
– Det du seier, er feil. Det eg seier, er rett
Diskusjonsklima i arbeid med kontroversielle spørsmål
Drama og rollespill i naturfag

TEIKNING
I begynnelsen var tegningen
Tegning som formidler av naturfag
Når naturfag får snakkebobler

Du finn alle artiklane i pdf-versjonen.

Publisert 29. juli 2026 12:07 - Sist endret 29. juli 2026 12:08