Naturfag 1/25: Ute

Kvifor sitje inne når alt håp er ute?

Dette nummeret av Naturfag handlar om å undervise elevane ute. Vi meiner at det å ta elevane med ut, er med på å gjere undervisninga meir variert, motiverande og relevant. Ute er det lettare å vere fysisk aktive, lettare å koble fagstoffet til det verkelege livet – og ikkje minst er det lettare å skape eit godt forhold til naturen.

Ser vi ikkje skogen for berre tre?

Det er mykje rett utanfor klasserommet som vi kan bruke i uteundervisning, men som vi kanskje ikkje tenker over! I starten av dette nummeret får du artiklar som handlar om noko av det vi finn ute. Noreg har ei lang kystline med alt det fantastiske vi kan finne i fjøra. Skogen har vi òg i store delar av landet. Der er det eit yrande liv og mykje å lære og oppdage. Og over heile landet finst det vêr å observere og kjenne på!

Mellom barken og veden

Vidare har vi laga ein bolk med artiklar som handlar om kva vi kan gjere ute. Her finn du konkrete prosjekt, idear og inspirasjon. Ute kan vi både oppdage kjemi i omgivnadane, undersøke eit yrande artsmangfald og erfare fysiske fenomen. Mange lærarar kjenner på at det er ein bøyg å ta med elevane ut. Gjennom prosjektet Uterommet har vi laga aktivitetar som skal gjere det enklare for læraren å gå ut.
Aktivitetane er skrivne ned i detalj, med oversikt over det (vesle) som trengst av utstyr. Den første halvtimen av økta er ute, mens den andre halvtimen kan skje inne.

Ikkje gå over bekken etter vatn!

Tredje bolk handlar om kvifor vi skal vere ute. I Meld. St. 34 (2023–2024) om ein meir praktisk skole står det blant anna dette:

Bruk av varierte læringsarenaer kan være en viktig del av det å få til både mer praktisk og mer relevant opplæring. […] Læreplanen i naturfag legger vekt på naturvitenskapelige metoder og tenkemåter. Elevene skal være ute i naturen og lære gjennom lek, utforskning og praktisk tilnærming.

Elevpanelet løftar òg fram at dei ønsker å få vere meir ute når dei uttalar seg om kva dei ønsker seg av endringar i skolen. Det er mange fordelar ved å undervise ute: Det er lettare å kople teori og praksis, det blir mindre stress og betre kommunikasjon mellom elevane. I tillegg gir uteområda eit stort repertoar av materiale og god boltreplass.

Mange bekkar små, gjer ei stor å

Vi har òg henta inn andre (ute)stemmer for å høyre kva dei meiner om uteundervisning. Vi har snakka med nokre av samarbeidspartnarane
våre, og med elevar og lærarar. Felles for alle stemmene er at dei ser mange fine sider ved det å vere ute.

Til slutt i nummeret viser vi nokre eksempel på undervisningsopplegg til utebruk, og vi omtalar nokre aktuelle bøker i tilknyting til temaet.

Over skyene er himmelen alltid blå

Mange av ordtaka og uttrykka våre tar utgangspunkt i noko ute, slik du ser i overskriftene i denne leiaren. Det er mykje livsvisdom i desse ordtaka. Så i staden for at vi ikkje ser skogen for berre tre, kan vi kanskje bruke ordtaka som inspirasjon til å gå enda meir ut?

INNHALD

KVA FINN VI UTE?
Det fantastiske livet i fjæra
Skogen
Kom dere ut I været!

KVA KAN VI GJERE UTE?
Lærernes læringsfellesskap som plattform for uteundervisning
Kan uteundervisning både være lavterskel og gi læringsutbytte?
Morgonfuglar i uterommet
Kartlegging og skjøtsel i et naturreservat – helt på ekte! 
Å observere ute – en alternativ vei inn til naturfaget
Kjemi – en naturlig del av uteundervisning
Utforsk naturen – naturopplevelser i nærmiljøet
Jorda og elevane i solsystemet
Digitale verktøy i uteundervisning
En skolehage vokser frem
Samisk kultur i uteundervisningen

KVIFOR SKAL VI VERE UTE?
Å lære inn – ute
Lage og lære ute
Eufori i uterommet
Gården som læringsarena

UTESTEMMER OM UTEUNDERVISNING
Hvordan en vannpytt og en løpebille førte til forskning på uteundervisning
Meteorologisk institutt
Sparebankstiftelsen DNB
Besøkssenter våtmark Nordre Øyeren og Oslo
Norsk friluftsliv
Seks elever på Hallset skole 
Tre deltakere på Naturfagkonferansen 
Tre lærerutdannere 

UNDERVISNINGSRESSURSAR TIL UTEBRUK

Du finn alle artiklane i pdf-versjonen.

Publisert 7. aug. 2025 15:12 - Sist endret 8. aug. 2025 09:26