Læring av anvendt fysikk som del av naturfag for yrkesfag

I læreplanreformen Kunnskapsløftet LK20 fekk yrkesfaga i vidaregåande skule eigne læreplanar i naturfag tilpassa det enkelte studieprogram. 

Det er difor interessant å undersøkje korleis elevane lærer og anvender fysikk som del av yrkesfagopplæringa. Det kan innebære å samle og analysere data frå klasserommet der elevane jobbar med faget, for eksempel lyd- eller videoopptak. Det er også aktuelt å studere korleis lærebøker og/eller lærarar integrerer fysikken på yrkesfagets premissar. Det vil bety analyse av lærebøker eller læringsressursar og/eller innsamling og analyse av data frå aktuelle lærarar, til dømes intervju. 

Her er eksempel på yrkesfaglege studieprogram og kompetansemål frå læreplanen som inneheld fysikk:

StudieprogramKompetansemål
Bygg og anleggsteknikkbruke begrepene energiovergang, energibevaring og virkningsgrad til å vurdere energiøkonomisering i bygg
Elektro og datateknologibruke begrepene vekselstrømteknologi, likestrømsteknologi, energilagring og virkningsgrad for å beskrive og drøfte metoder for bærekraftig energiproduksjon
Informasjonsteknologi og medieproduksjonbeskrive ulike typer elektromagnetisk stråling og gi eksempler på hvordan stråling benyttes i trådløs kommunikasjon
Teknologi- og industrifagundersøke og vurdere ulike metoder for lagring og overføring av energi

Fagdidaktisk forsking gjer bruk av samfunnsvitskapelege forskingsmetoder, for eksempel i form av spørjeskjema eller intervju av elevar, studentar eller lærarar. Det betyr at masterstudentar i fysikkdidaktikk ofte treng å inkludere emner på UV-fakultetet i sine masteremner. Oppgåva kan ha eit omfang på 30 stp. (for studentar på Lektorprogrammet) eller 60 stp. (for studentar på Fysikk og astronomi).

Published May 12, 2026 10:59 AM - Last modified May 18, 2026 10:23 AM

Supervisor(s)

Scope (credits)

30