English version of this page

Dynamisk dropevætning på mjuke materiale (DyWeSS)

Denne sida vert ikkje oppdatert med løpende informasjon frå prosjektet. Gå til den engelske versjonen av sida for å lese meir om prosjektet.

logo

Om prosjektet

Mjuke materiale som gelé, gummi og biologisk vev blir deformert betydeleg under mekanisk stress. Dei elastiske eigenskapane til mjuke materiale er nyleg funne til å vera ein nøkkelfaktor for rørsle av dropar. I ei dynamisk vætnings-prosess vil væska i dropen flytta ein annan ublandbar væske eller gass, noko som oppstår i mange biologiske, medisinske og industrielle prosessar. Forståinga vår av dette fenomenet er ufullstendig. I dette prosjektet har me som mål å fylla dette kunnskapsgapet ved å utvikla ein banebrytande modell for å undersøkja problem med dynamisk vætning på mjuke materiale. Prosjektet vil gi grunnleggjande kunnskap for viktige applikasjonar som dropekontroll i kanalar og høvet til å danna filmar på mjukt materiale. Med forskningsresultata våre vil me vera i stand til å kontrollera tidspunktet for fyllingsprosessen og tjukna på den belagde filmen ved å variera mykheten til faste stoff. Forstå innverknaden av mykhet på vætningsdynamikken vil gi oss ny kunnskap for å designa mjuke materialar med bestemde funksjonar, og dessutan produsera industriprodukt for t.d. medisinske applikasjonar.

Finansiering

Dette prosjektet er finansiert av Norges Forskningsråd. Prosjektnummer: 315110. Totalt budsjett ca 12 millionar.

Principal investigator

Tak Shing Chan

 

Publisert 26. apr. 2021 11:00 - Sist endra 4. mai 2023 13:58

Kontakt

taksc@uio.no

Deltakarar

Detaljert oversikt over deltakarar