– Barn har ein ibuande nysgjerrigheit som eg ynskjer å bidra til at dei skal behalda. Eg håpar dei vil la seg fascinera av litt av det usynlege mangfaldet som vi lever i, seier Unni Vik, fyrsteamanuensis ved Naturfagsenteret ved Universitetet i Oslo og ved Institutt for barnehagelærarutdanning, OsloMet.
Vaksne soppentusiastar som ser føre seg ei soppbok der flugesopp og kantarell har sentrale plassar, vil altså ikkje finna det i «Sopp en hal!», anna enn i perifere biroller. I denne boka er det soppane du berre kan sjå i mikroskop som har hovudrolla.
– Barn i aldersgruppa som boka passar for – tre til ni år gamle – er i ein fase av livet der dei har lyst til å forstå korleis verda rundt dei fungerer. Dei aksepterer fint at det finst usynleg liv rundt oss, seier Vik.
Klump med gjærsopp
– Den førre bok mi handla om bakteriar, og eg har reist ein del rundt med henne og møtt barn. Det var rett etter korona-perioden, og barna hadde utruleg mange gode spørsmål. At bakteriar er usynlege for oss var ikkje noko problem.
Sjølv om dei små organismane ikkje kan sjåast med berre augo, kan resultatet av dei biologiske prosessane deira vera synleg. Dei lagar så skarp smak på nokre ostar at ungane ikkje vil eta dei, dei lagar bobler i ølet som ungane er for små til å drikka, og dei syter for at brødet vert godt og luftig og akkurat passeleg for ein barnemunn.
– Om foreldra bakar brød sjølve, kan jo ungane sjå klumpen med gjærsopp, sjølv om det enkelte soppindividet er usynleg, seier Vik.
– Tilsvarande er mykje av det eg skriv om i boka slikt som kan observerast ute i naturen. Ein kan nesten gå på soppsporjakt.
Kulare jo meir ein finn ut
Og då er det altså ikkje sporar av sopp ho snakkar om, men spor etter sopp. Ho trekkjer fram lysved, heksekost og brunråte som eksempel.
– Lysved oppstår når treverk vert angripen av ein sopp som sender ut lys. Heksekostar ser ut som skjorereir, men er forårsaka av eit tre er angripe av ein sopp, fortel Vik.
– Brunråte skuldast ein sopp som har ein såkalla Fenton-reaksjon, ein kjemisk reaksjon som er kraftig nok til at han sprengjer celler som inneheld lignin, altså veden i treet.
Vik har doktorgrad i mikrobiell økologi. Avhandlinga hennar frå 2014 handlar sjølvsagt om sopp.
– Soppriket er så overveldande, og vi ikkje anar kor stort det er. Det er beskrive rundt 150 000 artar, men antakeleg finst det mange millionar som vi ikkje kjenner til, seier Vik.
– Tenk så mykje kult det står att å oppdaga – og jo meir ein finn ut av, jo kulare blir det. Som forskarar er vi drivne av den same nysgjerrigheita vi hadde som små barn, og vi opplever den same gleda ved å finna ut av ting.