Mobbeåtferd startar i barnehagen

«Det er berre leik». Både barnehagar og foreldre treng betre kompetanse i å sjå når barnehagebarn kryssar grensa frå uskuldig leik til skadeleg mobbeåtferd.

To gutar i førskulealder som kranglaar om ein sparkesykkel

Uskuldig leik er ikkje alltid så uskuldig. Foto: Colourbox

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar Naturfagsenteret
Publisert 16. sep. 2025

Mobbing er eit problem som vert mindre di høgare ein kjem i utdanningssystemet. Set viser tal frå Elevundersøkinga 2024. Det yngste trinnet som er med i undersøkinga er femte klasse, men mobbeåtferda startar tidlegare – alt i barnehagen.

– Men i barnehagen kallar vi det ikkje mobbing. Barn i barnehagealder prøver seg i sosiale omgjevnadar. Dei er nysgjerrige, dei spelar roller, testar grenser. Dei eksperimenterer utan å vera heilt bevisste på korleis åtferda deira kan påverka andre, seier professor Ella Idsøe ved Naturfagsenteret, Universitetet i Oslo.

– Men dersom for eksempel Erna heile tida tek leikene frå Jonas, fordi ho har erfart at han ikkje reagerer på annan måte enn å bli stille og kanskje få tårer i augo, då kallar vi det for mobbeåtferd. Erna treng ikkje ha ein intensjon om å såra Jonas, men for han er dette vondt og vanskeleg, særleg om det skjer gjentatte gonger.

Held ofte fram i same rollene

Saman med dosent Pål Roland frå Universitetet i Stavanger er Idsøe bokaktuell med «Mobbeatferd i barnehagen», ein oppdatert og utvida versjon av fyrste utgåve av boka, som kom i 2017.

– Det er ei utbreidd haldning at små barn berre leikar, og vi vaksne må la barna leika utan at vaksne involverer seg. Men òg i det som tilsynelatande er uskuldig leik kan krenkingar, som utestengingar, skje, seier Idsøe, og legg til at haldningane har betre seg litt etter at omgrepet nulltoleranse mot mobbing kom inn i barnehagelova i 2021.

– Men vi har norsk og internasjonal forsking som dokumenterer at mobbeåtferd finst i barnehagen. Vi ser òg at dei som viser mobbeåtferd eller er utsette for det, ofte held fram i desse rollene når dei etter kvart begynner på skulen.

Må trena opp inkluderingsmusklane

Ella Idsøe
– Mobbeåtferd må fyrst og fremst førebyggjast, seier Ella Idsøe. Foto: Naturfagsenteret/UiO

«Mobbeatferd i barnehagen» er meint brukt i barnehagelærarutdanninga, og fungerer òg som ei verktøykasse for tilsette i barnehagane.

– Mobbeåtferd må fyrst og fremst førebyggjast. Det er ikkje nok å seia «Stopp, ikkje gjer det» eller «Det er ikkje lov å mobba». Barn viser mobbeåtferd fordi dei ynskjer å oppnå noko. Dersom ei negativ handling gjev dei noko positivt, kan dei bli freista til å gjera det igjen, forklarar Idsøe.

– Barnet må få hjelp av vaksne til å erstatta mobbeåtferd med positiv åtferd. Kva er det barnet ynskjer å oppnå med åtferda si? Er det popularitet? Er det makt? Manglar barnet ferdigheiter for å koma i leik med andre? Noko anna? Hjelp barnet å oppnå det same med sosialt akseptabel åtferd..

Inkluderingstrening kallar Idsøe det å trena barn i å inkludera andre barn.

– Inkluderingsmusklane må trenast opp på same måte som andre ferdigheiter. Det er ingen barn som set dei skitne tallerkane i oppvaskmaskinen om ikkje dei får beskjed om å gjera det.

Få til god kommunikasjon mellom barnehage og føresette

Idsøe understrekar at barnehagane ikkje er åleine om ansvaret for å førebyggja mobbeåtferd hjå barnet og læra dei sosiale ferdigheiter. Foreldra har òg eit ansvar.

– Derfor inneheld boka vår strategiar og aktivitetar foreldra kan gjera heime for å læra barna empati, å dela på ting, å venta på tur. Hjelpa dei til betre å forstå deg sjølv og omgjevnadane betre, seier Idsøe.

Idsøe minner om at barnehagane er lovpålagde til å stoppa mobbeåtferd og å ha eit godt samarbeid med foreldra.

­– Vi har derfor med råd om korleis barnehagen kan snakka med krevjande foreldre, og få til god kommunikasjon og samarbeid mellom barnehage og føresette for å kunne skape et trygt og mobbefritt barnehagemiljø. i barnehagen-

Mobbeatferd i barnehagen, Cappelen Damm 2025

Publisert 16. sep. 2025 12:34 - Sist endret 16. sep. 2025 12:38