Berekraftig utvikling er saman med demokrati og medborgarskap og folkehelse og livsmeistring er eitt av dei tre tverrfaglege temaa i læreplanverket for den norske skulen. Temaa skal bidra til at elevane oppnår forståing og ser samanhengar på tvers av fag.
I kor stor grad dei oppnår det, heng naturleg nok saman med korleis læraren tenkjer. Stipendiat Marthe Arntzen frå Naturfagsenteret ved Universitetet i Oslo har djupintervjua ti naturfaglærarar frå ungdomstrinnet i eit stort norsk fylke om korleis dei oppfattar omgrepet berekraftig utvikling, og kva dei meiner bør vera læringsutbytet til elevane.
– Berekraftig utvikling vert gjerne delt i tre overlappande dimensjonar: den økologiske, den økonomiske og den sosiale dimensjonen. Sidan dette var naturfaglærarar, var det ikkje heilt uventa at dei fleste kom inn på den økologiske dimensjonen, den som har med miljø og klima å gjera, fortel Arntzen.
Godt utgangspunkt
– Mange nemnde og økonomien, og rundt halvparten kom inn på det sosiale. I tillegg snakka nokre av lærarane om den politisk/etiske dimensjonen og den teknologiske dimensjonen.
Arntzen forklarar vidare at sjølv om lærarane ikkje har nemnd ein eller fleire av dimensjonane eksplisitt når dei har blitt intervjua, har dei fyrst og fremst ei forståing om at berekraftig utvikling handlar om interaksjonen mellom dei ulike dimensjonane.
Utgangspunktet for å gje undervising i berekraftig utvikling var dermed rimeleg godt. Eit anna spørsmål er kva lærarane tenkjer læringsutbytet til elevane skal vera gjennom undervising om berekraftig utvikling.
Viktige kompetansar for elevane
– Eg definerte tre tema som læringsutbytet til elevane kan delast inn i, kunnskap, ferdigheiter og tankesett. Kunnskap inkluderer både fagkunnskap, kunnskap om konsekvensar og kunnskap om tiltak, seier Arntzen.
– Temaet ferdigheiter handlar om å tileigna seg og bruka kunnskapen, å tenkja kritisk, og å kunna sjå perspektiv og samanhengar. Det siste temaet er tankesett: å ha berekraftige haldningar, vera bevisst på berekraftige utfordringar, og å ha empati.
Desse temaa femner det ein kan kalla berekraftkompetansar. Arntzen fortel at dei fleste lærarane har forståing for at kompetansar innan temaa ferdigheiter og kunnskap er viktige for elevane.
– Men kompetansar innan tankesett er ikkje naturfaglærarane like gode til å inkludera som læringsutbyte. Kanskje det har samanheng med at naturfag tradisjonelt er faktabasert, med kunnskapar som er enklare å undervisa og vurdera, seier Arntzen.
Får ikkje klart definerte læringsmål
– Dermed ender det fort med at tankesett-temaet vert overlate til samfunnsfag eller KRLE. Det er eit poeng at naturfag òg må inn på denne biten.
Kunnskap, ferdigheiter og tankesett skal til saman gjera elevane i stand til å tenkja på berekraft som ein heilheit.
– Men sjølv om læringsutbyta som naturfaglærarane har identifisert reflekterer kompetansar som dei sjølv tenkjer er viktig for elevane, kjem det ikkje fram korleis dei vil setja i verk desse kompetansane i læringsmål for elevane, seier Arntzen.
– Men korleis kan elevane forstå kva som vert venta av dei når det gjeld bærekraftkompetansar, når dei ikkje får klart definerte læringsmål ut over rein kunnskapsoppnåing? Læraren sin intensjon med berekraftundervisinga vil dermed ikkje nå heilt fram til elevane.
Den vitskaplege artikkelen
Arntzen m.fl.: Unveiling perceptions: how science teachers perceive sustainable development and their expectations of students’ learning outcomes through environmental and sustainability education. International Journal of Science Education, Jun 2025