Voyager 1 oppdaga summing mellom stjernene

- Det er berre ein heilt bestemd tone som kjem. Kvifor den blir der og er den same over tid, krev jo ei forklaring, seier professor Boris Gudiksen ved RoCS - Rosseland senter for solfysikk i eit intervju med forskning.no.

Svart-hvitt bilde av smilende mann med kort, grått hår

Professor Boris Gudiksen, RoCS, UiO. Bilde: Privat.

Voyager 1 er i rommet mellom stjernene og er ute av  "bobla til "sola". Der har ingen romsonde vore før. No er det oppdaga eit interessant signal, ei jamn summing, som stammar frå bølgjer som går gjennom spreidde partiklar i rommet. Voyager har «lytta» til desse vibrasjonane. Omsett til lyd har signalet ein frekvens på rundt 3 kHz. Funnet er publisert i tidsskriftet Nature Astronomy.

Den jamne summinga gjer det mogleg å kontinuerleg måla tettleiken av partiklar som Voyager 1 reiser igjennom. Jo tettare det er, jo høgare blir frekvensen, blir det forklart i ei pressemelding frå NASA.

Tidlegare har forskarar måtta venta på at det skjer utbrot på sola for å kunna måla dette.

Les nærare om funnet og heile intervjuet med professor Boris Gudiksen i artikkelen

"Voyager 1 har oppdaget en jevn summing fra plasma i rommet mellom stjernene".

Av Eyrun Thune
Publisert 25. mai 2021 16:01 - Sist endret 22. feb. 2023 16:29