Spesialnummer om Sola

Sju solforskarare ved RoCS - Rosseland senter for solfysikk, UiO, får boltra seg i bladet Astronomi som er i sal no. Her kan du lesa om korleis dei forskar på Sola og kva som står att å finna ut om stjerna vår.

Magasinframside som viser nærbilete av sola

Astronomi kjem ut fire gonger i året og nr. 2 i år er vidmet forsking om Sola. Bilete: Astronomi.no

Ideen til spesialnummeret kom frå den nye redaktøren av bladet, Maria Hammerstrøm. Maria fullførte master i astronomi ved Institutt for teoretisk astrofysikk i 2017. Då ho overtok ansvaret for bladet i år, inneheldt bladet sjeldan saker om Sola og norsk forsking. Dette ville Maria gjera noko med og ho tok tidleg kontakt med RoCS for å høyra om det var interesse for eit solnummer.

Bildet kan inneholde: klær, yttertøy, skulder, beskyttelsesbriller, smil.
Maria Hammerstrøm er nyutnemnde redaktør i bladet Astronomi.no. Ho seier at arbeidet med Sola har lært henne mykje og "gjort meg til ein Sol-entusiast!". Maria er kjende som vitskapsformidlar frå bloggen AstroMaria. Bilete: Privat.

I spesialnummeret kan du læra meir om Sola,  dei nyaste solteleskopa og metodane dei bruker for å læra meir om Sola. Vidare kan ein lesa om ein norsk pioner innan solforsking, Carl Fredrik Fearnley. 

Bladet er til sal hos Narvesen og du kan melda deg inn i Norsk Astronomisk Selskap for å abonnera på bladet. Du kan også lesa bladet hos Deichman Bjørvika, Nasjonalbiblioteket og universitetsbiblioteka i landet.​​

Bilde av magasinside i Astronomi
Få ein forsmak på bladet ved å lesa Les Terje Fredviks artikkel "Nærkontakt med sola" som er med i spesialnummeret. Bilete: Astronomi.no

Innhald i temanummeret

  • Introduksjon til Sola og solforsking
  • Kvifor er koronaen så varm?
  • Ei kunstig sol: Datamodellar gir ny kunnskap om Sola.
  • Solas heite løyndommar: Det går føre seg meir på Sola enn me kan sjå med auga våre.
  • Kort fortalt: Fargen til stjernene: Kvifor stjerner lyser i ulike fargar
  • Sola på nært hald: Løyndommane til Solas magnetfelt kan skjula seg på små skalaer.
  • Sola over Atacama-ørkenen: 66 høgteknologiske antenner gir ny kunnskap om Sola.
  • SOHO: 25 år rundt Sola. Solsatellitten har forandra vårt syn på Sola.
  • Nærkontakt med Sola: Solar Orbiter og Parker Solar Probe
  • Historisk: Fearnley 
  • Delvis solformørking 10. juni 2021
  • Observer Sola sjølv
Innholdsfortegnelse i bladet Astronomi
Innhaldsliste i Solnummeret der dei sju bidragsytarane frå RoCS er: Viggo Hansteen, Mats Carlsson, Luc Rouppe van der Voort, Terje Fredvik, Tiago Pereira, Boris Gudiksen og Sven Wedemeyer. Bilete: Astronomi.no
Av Eyrun Thune
Publisert 20. mai 2021 17:24 - Sist endret 22. feb. 2023 16:40