Ei uvanleg arbeidsveke

- Eg er veldig nysgjerrig og interessert i astronomi og astrofysikk, og håpar at de kan ta imot meg, skreiv Anniken på 15 år. Det resulterte i ei lita arbeidsveke på Institutt for teoretisk astrofysikk.

To unge jenter

9. klassingane Anniken Lie Aubert til venstre og Viktoria Velaj. Bilete: privat.

Anniken Lie Aubert frå Mølladammen skule i Bærum og Viktoria Velaj frå Sagene skule, Oslo erstatta skulebenk med varierte dagar innan astronomi på Svein Rosselands hus. Frå 8. - 10. mars var det samtalar med vitskaplege tilsette og foredrag som stod på programmet. Målet var å gi eit innblikk i studielivet og pirra nysgjerrigheita til å læra meir. Det vart underteikna ein Samarbeidsavtale mellom Institutt for teoretisk astrofysikk, Universitetet i Oslo og elevane om «Læring i arbeidslivet» (LIA).

Jentene valde å søkja seg til ITA fordi dei ville læra meir om astronomi og studielivet. Dei var godt fornøgd med opphaldet:

Det eg syntest var bra var kor mykje me fekk sjå, at me fekk vera med på timar og undervisningar, og snakka med utdanna menneske

seier Viktoria.

- Solfysikk og kosmologi var spennande tema å fordjupa seg i og som me gjerne vil læra meir om, konkluderer Anniken og Viktoria med.

Program for arbeidsveka på ITA:

  • Kaffipause med dei vitskaplege
  • Doktorgradsstudier og formidlingskurs 
  • Realfagsbiblioteket og omvisning på Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet 
  • Forskningsformidling 
  • Romfartøyet Solar Orbiter 
  • Sun hour 
  • Astronomy studies
  • Studieliv
  • AST1010: Svarte hol og om moglegheitene for å finna liv andre stader i universet. 
  • Open dag

Kvifor arbeidsveke?

Utdanningsval er eit obligatorisk fag på ungdomstrinnet for elevar på 9. trinn.

Samarbeid mellom skule og næringsliv er viktig for at eleven skal få auka kunnskap og forståing for arbeidslivet.

står det å lesa i arbeidsavtalen.

Besøk ved arbeidsplassar er meinte å gi elevane ein større føresetnad og grunnlag for å ta eigne utdannings- og yrkesval seinare i livet. 

Det blir lagt vekt på at elevane får følgja ein eller fleire tilsette desse tre dagane, slik at dei får eit bilete av korleis dei tilsette jobbar, kva kompetanse det er behov for, og kva verdiar det blir lagde vekt på.

Av Eyrun Thune
Publisert 31. mars 2022 13:06 - Sist endret 12. jan. 2023 14:50