"Abels tårn" om sola

NRK programmet fredag 2. september tek for seg Solar orbiter, solaktivitet og nordlys og dessutan biografien om Christopher Hansteen.

Logo Abels tårn radioprogram

Få med deg "Abels tårn" fredag 2. september og lær med om sola. Senioringeniør Terje Fredrik deler kunnskap frå forskinga ved RoCS - Rosseland senter for solfysikk, ITA, UiO. Foto: NRK

Gjestene som skal snakka om sola i Abels tårn er Terje Fredvik og Vidar Enebakk. Du kan følgja med live som publikum frå kl. 9.00 - 11.00 på Realfagsbiblioteket eller lytta til programmet direkte på NRK P2. Om du berre vil høyra om sola så lyttar du frå kl. 10.00 - 11.00. Panelet i første time av programmet frå kl. 9.00 er: Lege Steinar Madsen, Økolog og primatolog Anita Eriksen og dessutan Fysiker Ida Torkjellsdatter Storehaug.

Hvorfor sola?

- Mange har i det siste observert mye Nordlys, til og med langt sør i Norge. Dette er på grunn av aktivitet på solen. Dessuten er jo solen grunnen til at vi lever her på jorda. Så den er … temmelig viktig, sier programleder Torkild Jemterud om temaet denne gang.

Programlederen har holdt på med sendinger i 11 år fra Blindern. Hver uke samles tre eksperter fra ulike fagfelt som svarer på spørsmål fra lytterne. - I det siste halvannet året har vi utvidet med en time der vi kan dykke dypere ned i enkelte temaer, forklarer Jemterud. Og denne gangen blir det magnetfeltene til jorda og solen som tema.

Ekspert fra RoCS


Programleiar Torkild Jemterud samtaler først med senioringeniør Terje Fredrik,  ved RoCS - Rosseland senter for solfysikk, ITA, UiO om kva me veit om vår næraste stjerne og korleis det blir forska på sola.

Etter å ha snakka om sola og romfartøyet Solar Orbiter spesifikt er det tid for intervju med Vidar Enebakk, forfattaren av ein ny Christopher Hansteen-biografi. - Slik vil ein trekkja linjene tilbake til Hansteens forståing av nordlyset, seier Terje Fredrik.

Siden Hansteen var sjef for observatoriet i si tid, vil me prøva å sjå det historiske aspektet til kvifor me har ei så sterk solforskningsgruppe i Oslo


forklarer Jemterud som også nemner den soleklare vitskaplege koplinga: Hansteens store prosjekt var å forstå jordas magnetfelt. Solar Orbiters prosjekt er å forstå magnetfeltet til sola.

Kvifor sola?


- Mange har i det siste observert mykje Nordlys, til og med langt sør i Noreg. Dette er på grunn av aktivitet på sola. Dessutan er jo sola grunnen til at me lever her på jorda. Så den er … temmeleg viktig, seier programleiar Torkild Jemterud om temaet denne gongen.

Programleiaren har halde på med sendingar i 11 år frå Blindern. Kvar veke samlast tre ekspertar frå ulike fagfelt som svarer på spørsmål frå lyttarane. - I det siste halvtanna året har me utvida med ein time der me kan dykka djupare ned i enkelte tema, forklarer Jemterud. Og denne gongen blir det magnetfelta til jorda og sola som tema.

Populært program

Teamet bak «Abels tårn» har ikkje oversikt over kor mange lyttarar programmet har, men anslår at det ligg på same tal som NRK Ekko - rundt 100.000 lyttarar.

Emneord: Solar orbiter, RoCS Av Eyrun Thune
Publisert 1. sep. 2022 12:00 - Sist endret 10. jan. 2023 11:09