Ein bra start på helga?

Me inviterer deg med på Forskarnatt om Solen.  Kunstformidlar Sivert Thue ved MUNCH og professor Oddbjørn Engvold ved RoCS - Rosseland senter for solfysikk, ITA, UiO snakkar om kunst og astrofysikk på Litteraturhuset fredag 30. september kl. 18.00 - 19.00.

kunstplakat av sola

Sola sett frå to ståstad: Kunst og astrofysikk. Lær meir om dette frå to ekspertar på sitt felt: Kunsthistorikar Sivert Thue, MUNCH og Oddbjørn Engvold, RoCS, ITA, UiO. Plakat: Maria Hammerstrøm.

Kunstnaren Edvard Munch valde sola som hovudmotiv i utsmykkinga av Universitetsaulaen i Oslo. Ved same universitet finn me nokre av dei beste solforskarane i verda i dag.

Denne siste fredagen i september får du høvet til å høyra to forskarar forklara deg sola frå ulike perspektiv. Etter foredraga får du høve til å stilla spørsmål, og diskutera kunst og astrofysikk. Me håpar å sjå deg!

Forskarane tek opp spørsmål som: Kvifor valde Munch sola som hovudmotiv, kva var den mest dramatiske historiske endringa i forståinga av sola og kva veit me om sola i dag?

Foredraget er gratis og det er inga påmelding. 

Arrangementet inngår i Forskingsdagane og Forskingsrådet støttar arrangementet

Bilde: Edvard Munch, Solen (1910 - 1913). Foto  © Munchmuseet

Av Eyrun Thune
Publisert 28. sep. 2022 14:34 - Sist endret 6. jan. 2023 10:13