Sjå Sola med nye auge

Romfartøyet Solar Orbiter leverer: Nye strålande bilete av Sola. RoCS - Rosseland senter for solfysikk, ITA, står bak SPICE - eit av instrumenta som gjer det mogleg.

Bildet kan inneholde: rav, lys, gull, verden, astronomisk objekt.

Nærbilete av Sola skal gi svar på Solas gåter.Foto: ESA & NASA/Solar Orbiter/EUI team.

Denne helga publiserte ESA (European Space Agency) nye nærbilete av Sola. Bileta vart tekne 7. mars halvvegs mellom Sola og jorda, og prosessen som tok fire timar har gitt dei beste høgopplauslege bileta av heile Sola teke til no.

- Me er ansvarleg for programvara som tek signala som blir sende til ein bakkestasjon, og gjer desse om til vitskaplege dataprodukt, forklarer direktør Mats Carlsson ved RoCS i ein artikkel publisert i Dagbladet 26. mars.

Sjå bileta og les intervjuet med Mats Carlsson i RoCS i Dagbladets artikkel "Sola har aldri vore skarpare" 26.mars (ekstern lenkje).

Av Eyrun Thune
Publisert 28. mars 2022 11:13 - Sist endret 10. jan. 2023 11:13