"Universitetsplassen" forklarer deg Solar Orbiter og romver

Kva håpar me å få ut av romfartøyet Solar Orbiter? Senioringeniør Terje Fredvik ved RoCS - Rosseland senter for solfysikk svarer i den nyaste podkasten episoden frå UiO.

To menn som diskuterer vennskapeleg

Pål Brekke og Terje Fredvik samtaler om Sola og korleis me kan bruka kunnskapen om romver til å sikra oss mot ubehagelege overraskingar. Bilete: Elina Melteig.

I episoden "Vil varsla romvær som kan slå ut straumnett og kommunikasjon" forklarer Terje Fredvik og Pål Brekke ved Norsk romsenter om forskinga som blir gjord på Sola og korleis kunnskapen kan brukast til det beste for samfunnet.

Solar Orbiter romfartøy
Solar Orbiter vart skoten opp i februar 2020 og skal gi oss svar på mange av gåtene til sola. Bilete: ESA
Av Eyrun Thune
Publisert 1. mars 2022 09:31 - Sist endret 13. jan. 2023 11:30