Solformørkinga var ei total solformørking som var synleg frå Mexico til Canada og i eit samanhengande band over USA.
Nrk.no, VG nett og VGTV var raskt ute måndag morgon med å be om kommentarar til den kommande formørkinga seinare på dagen. Professor Luc Rouppe van der Voort og postdoc Sondre Vik Furuseth stilte til intervju begge stader.
Kommentator på lang direktesending
Sondre var store delar av måndagskvelden i VGTVs studio og diskuterte mange aspekt ved formørkinga. Han tok utfordringa på strak arm og forklarte og svarte kontinuerleg på alle spørsmål direkte i den fleire timar lange sendinga – med eitt unntak: sjåarspørsmålet "Korleis reagerer dyr på formørkinga?
VGTVs sending om solformørkelsen med Sondre Vik Furuseth (tre timers sending - ekstern lenke)
VGTV nyhetsklipp om solformørkelsen med Sondre Vik Furuseth (1:27 min. nyhetsklipp - ekstern lenke)
Nrk.no "Total solformørkelse i USA over – neste sjanse om 20 år" med Luc Rouppe van der Voort (ekstern lenke)
VG.no "Fest og unntakstilstand for himmelsk skue" med Luc Rouppe van der Voort (ekstern lenke)
Solfysikarar til stades der det skjer
Imedan kollegaene heldt fortet heime, opplevde mange av forskarane ved RoCS solformørkinga frå USA, der dei deltok på ein konferanse i San Antonio. Det var kanskje høgdepunktet på konferansen?