Kristopher Schau spør om sola

I eit nytt intervju i podkasten "Nysgjerrige Norge" møter Kristopher Schau Mats Carlsson, leiar av Rosseland senter for solfysikk ved Universitetet i Oslo.

To menn i en intervjusituasjon på kontoret til en professor i solfysikk

Kristopher Schau (til høgre) intervjuer professor Mats Carlsson ved RoCS - Rosseland senter for solfysikk. Bilde: skjermdump frå Forskning.no 7.4.2025.

Av Eyrun Thune
Publisert 7. apr. 2025

"Nysgjerrige Norge" er ein podkastserie frå Forskningsrådet der Kristopher Schau møter landets fremste vitskapskjenningar og snakkar med dei om korleis dei hamna der dei er og forskinga dei driv med.

Temaene i samtalen

Den timeslange samtalen med Mats Carlsson dreier seg om nokre av dei største gåtene knytt til vår nærmaste stjerne, Sola. Her er nokre av temaene som blir utforska:

  • Temperaturparadokset: Kvifor er temperaturen i solas atmosfære høgare enn på overflata?
  • Solstormar: Kva er årsakene til dei voldsomme eksplosjonane på soloverflata, og kva konsekvensar kan desse ha for livet på jorda?
  • Digital tvilling av sola: Kvifor jobbar Rosseland senteret med å lage ei digital kopi av Sola, og korleis vil dette hjelpe forskarane å forstå solens dynamikk betre?
  • Internasjonalt samarbeid: Korleis samarbeidar senteret med NASA, ESA og andre forskingsmiljø for å studere solas påverknad på klima og teknologi?

Forskarinnsikt

Mats Carlsson deler også spennande innsikt om korleis forskarane ved senteret kombinerer avanserte datasimuleringar med observasjonar frå verdas mest potente solteleskop for å avdekke solens mysterier.For å dykke djupare inn i desse fascinerande temaene, kan du lese mer og finne podkasten med heile intervjuet på forskning.no.

Publisert 7. apr. 2025 09:44 - Sist endret 21. jan. 2026 10:46