English version of this page

Sophus Lie Konferansesenter

Sophus Lie konferansesenter for matematikk og tilgrensande fagområde er etablert gjennom ei samarbeidsavtale mellom Eid kommune og dei matematiske institutta ved NTNU i Trondheim og universiteta i Bergen, Oslo og Tromsø. Det skal på sommarstid vere ein møtestad for studentar, lærarar og forskarar, med ulike seminar, kurs og konferansar. Senteret inviterer alle som planlegg slike arrangement til å ta kontakt.

Fjordane Folkehøgskule

Fjordane Folkehøgskule på Nordfjordeid husar om sommaren Sophus Lie Konferansesenter for matematikk og tilgrensande fagområde. Senteret tilbyr 90 sengeplassar ved skulen. I tillegg finst hotell og ulike andre overnattingstilbod på Nordfjordeid.

Overnatting i paviljongar

Skulen har ni særeigne paviljongar med dobbelt og einskildrom. Paviljongane er utstyrte med tekjøkken, kjøleskap, dusj, toalett, bøtterom og tørkerom. Skulen sitt kjøken ordnar med all matservering og har kapasitet til 150.

Flotte undervisningslokale

Fjordane Folkehøgskule er ein av dei nyaste folkehøgskulane i landet og stod ferdigbygd i 1975. Aulaen har plass til 350 personar og har nye, store tavler som eignar seg godt til matematikkforelesningar.
Skulen kan óg tilby klasserom med plass til 30-40 personar og ei rekkje mindre rom. AV-utstyr kan stillast til rådvelde. Eit eige IT-rom med tilgang til datamaskiner med Internett-kontakt er og disponibelt.

Velkommen til Nordfjordeid

Fjordane Folkehøgskule ligg like utanfor sentrum på Nordfjordeid, som er servicesenteret for Eid kommune. Her finst turistinformasjon, reisebyrå, restaurantar, kafear, pubar, ved sidan av butikkar, post og bankar. Kulturlivet er rikt og variert. Hestehald har lange tradisjonar på Nordfjordeid, og Norsk Fjordhestsenter er etablert her. Nordfjordeid ligg ved fjorden mellom høge fjell, eit godt utgangspunkt for fotturar til toppar med vid utsikt. Frå Nordfjordeid kan ein ta turar til Briksdalen, til Stadt eller tilsvarande naturopplevingar som ikkje tar meir enn ein halv dag. Ved større arrangement tilbyr senteret eit kultur-arrangement med lokale krefter.

For arrangøren av eit kurs eller ein konferanse kan senteret vere til hjelp ved påmeldinga og ta seg av inn- og utsjekking av deltakarar. Senteret kan tilby svært rimelege prisar for kost og losji.

 
Reiseruter
Reisetider til Nordfjordeid frå    Oslo Bergen Trondheim
Fly 90 min. 50 min. 2 t.
Buss 9 t. 10 t. 8 t.
Ekspressbåt - 5 t. -
Hurtigrute - 10 t. 20 t.
Bil 8 t. 5 t. 8 t.
  • Nor-Way Bussekspress rutetabeller: rutenummer 430 (Bergen), 431 (Trondheim).
  • Nettbuss : rutenummer NX147 (Oslo)
  • Togruter: Tog til Otta, buss fra Otta til Nordfjordeid.
  • Norled rutetabeller: Båt til Måløy, buss vidare til Nordfjordeid.
  • Widerøe sin nettstad: Fly til Ørsta Volda, buss/båt (40km) vidare til Nordfjordeid.

 

Publisert 25. jan. 2011 14:41 - Sist endret 13. feb. 2017 12:54