Referat frå møte i fysisk fagutval 4. april 2011

  1. GAD
    • Dagsorden vart godkjent utan merknader
  2. GAR
    • Referatet frå førre møte vart godkjent med merknad om at me sjekker kven som hadde meldt forfall
  3. POST
    • Me har fått Uniforum
  4. MØTER
    • Utvida gruppelederforum
    • Yngvil og Kristine vitra om kva som vart diskutert. Mellom anna snakka dei om nye undervisningsmetodar og korleis ein kan rekruttera fleire jenter.
  5. SOSIAL KVELD
    • Me skal vera hjå Mathilde på Kolbotn. Det ser ut som at alle kan. Mari sender ut reiseskildring på e-post.
    • Oppmøtetidspunkt på Nasjonalteateret kjem på e-post. Me skal vera hjå Mathilde klokka 19.00
  6. FAGEVALUERING
    • Alle kursa er komne i gang, og er snart klare til å sendast ut.
  7. SPILLKVELD
    • Audun, Jonas og Eva blestar på førelesning i FYS-MEK i morgon.
    • Me har sendt e-post til phd- og postdoc-studentane.
    • Me bør ha ein spillkveldansvarleg som kan ta imot folk som kjem og trekka dei med i spelet, i tillegg til å fordela knask. Fredrik, Luis, Jonas og Eva tek ansvar.
    • Billiard- og dart-turnering startar 17.15.
    • Jonas handlar inn knask.
  8. RYDDING
    • Me ryddar kontoret neste veke etter møtet.
    • Me må òg få rydda pauserommet (og kjøleskapet) oppe.
  9. BIBLIOTEKAREAL
    • Det endelege framlegget frå arbeidsgruppa til MatNat er klar. Framlegget ser bra ut.
  10. KNASK
    • Veldig bra, men veldig bråkete med is som knask. Eva tek med knask.
  11. EVENTUELT
    • Omnen skal seljast på torsdag. Me treng nokon til å bera komfyren og nokon til å vaska han. Me kan skaffa ei tralle. Fredrik, Sigve, Yngvil og Luis. Komfyren vert betalt kontant. Luis og Jan Fredrik tek ansvar for å bæra komfyren.
    • Føredrag om romfysikk. Alle bør koma på føredrag i dag 17.15 på Lillefy i regi av fysikkforeininga.
    • Me bør syta for at Storefy er open i helgene og at folk på FAM kjem seg inn i bygget. Me tek det opp på instituttstyremøtet på torsdag.
Av Eva Holte Enoksen, sekretær
Publisert 12. apr. 2011 16:39