Referat frå møte i fysisk fagutval 3. mai 2011

  1. GAD
    1. Godkjent
  2. GAR
    1. Godkjent
  3. POST
    • Bankpost til Arnfinn.
  4. MØTER
    • SUFU
      • SUFU ynskjer å laga ein mal for fagevaluering for å klargjera kva som skal evaluerast i framtida.
      • Det skal setjast ned ein komité med ein frå oss og ein frå SUFU som skal gå gjennom malen me har. Førelesarane skal kunne koma med innspel, men ikkje utan vilkår. Hensikta er at SUFU skal vera sikre på at dei får vita det dei vil.
      • Malen kan brukast av førelesarane òg.
      • Me kan føreslå at førelesarane skal kunne koma med framlegg til nye spørsmål i allereie eksisterande kategoriar
      • Eva og Sigve kan sitja i komitéen for å redigera malen
    • Likestillingsutvalet
      • Målet til likestillingsutvalet er å endra situasjonen i dag, fyrste omgang mellom menn og kvinner
      • Likestillingsutvalet bør tenkja på meir enn berre likestilling mellom menn og kvinner.
      • Likestillingsutvalet er interessert i studentar i tillegg til dei tilsette, sjølv om likestillinga er komen kortast på tilsettnivå.
      • Eit av problema kan vera at få kvinner ser for seg akademiske karrierer, og då kan ei slags fadderordning der jenter får møta kvinner med akademiske karrierer hjelpa. 
      • Det kan vera eit poeng å visa på dei gode førebileta og få fleire kvinner til å undervisa i tidlege kurs.
  5. FELTTUR og HYTTETUR
    • FELTTUR
      • Prisen på studenterhytta har gått opp med 3000 i grunnpris, og då vert det veldig dyrt. Me vurderer difor å dra til tannlegehytta i staden for. Den har plass til om lag 50 stykker.
      • Me vurderer å droppa temperatur av di me ikkje veit om me har plass nok eller kor mange som vil vera med. Dei frå lillefy som vil kan vera med uansett om temperatur er med eller ikkje.
      • Me kan dra til ein skule, det er mindre koseleg. Me kan òg kikka på hyttene til Bondeungdomslaget.
      • Me leiger tannlegehytta og freistar å invitera temperatur.
    • HYTTETUR
      • Hytteturen vert 13.-14. mai. Folk må melda seg på ved å setja pengar inn på fagutvalskontoen eller leggja lapp på pulten til Fredrik. Kom med framlegg til mat.
  6. STUDENTUNDERSØKING
    • Fredrik, Yngvil, Eva og Sigurd har ansvar for undersøkinga. Gruppa møtast måndag 12.00
  7. SPILLKVELD
    • Spillkveld 11. mai må blestast.
    • Fredrik blestar på FYSMEK, FYS214, Mari på GEF2200 og Mathilde på FYS1210.
    • Espen inviterer stipendiatane.
    • Mentorane er allereie invitert, og minst tri av dei kjem.
  8. SKAP
    • Skapane skal klippast i dag. Arnfinn, Fredrik, Kristine og Jonas er med.
    • Det vert hengd opp lappar i dei skapa som vert klippa.
  9. KNASK
    • Håkon tek med neste gong.
  10. EVT
    • Eksamensnødhjelp
      • Me kan invitera studentar til eksamensnødhjelp i kantina.
      • Me kan invitera gruppelærarar og eldre studentar til å hjelpa.
      • Me kan kalla det panikkhjelp og invitera studentar i FYSMEK1100, FYS2140, FYS2130, FYS1210, FYS1000.
      • Me kan invitera Anja(FYS1000), David(FYS1210), Frank (FYS2130), Maiken(FYS2130), Jan Fredrik(FYS2140), Sigve(FYSMEK), Anders Hafreager(FYSMEK), Jørgen Høgberget(FYSMEK)
Av Eva Holthe Enoksen, sekretær
Publisert 10. mai 2011 16:48