Førebels referat frå møte i fysisk fagutval 24. mai 2011

  1. GAD
    • Godkjent
  2. GAR
    • Godkjent
  3. POST
    • Bankbilag
  4. MØTE
    • Fagevaluering:
      • Eva og Sigve har gått gjennom skjemaet for fagevaluering med Olav Syljuåsen. Instituttet er nøgde med malen, men hadde nokre framlegg til endringar.
    • Fysikkbygget:
      • Jonas og Fredrik har vore på møte om bygget med Einar Sagstuen og Lars Bernhardsen. Teknisk avdeling har stoppa planane om all omgjering av areal på instituttet, deriblant biblioteksareala, som me har arbeidd med. Me skal skriva eit brev til teknisk avdeling. Yngvil, Sigurd og Eva hjelper til å skriva brevet.
    • SUFU:
      • Det er møte på torsdag, der mellom anna kompendierog fagevalueringar vert tekne opp. Me skal ikkje leggja ut våre rapportar på nett lenger. Evalueringane me skriv vert nytta av faglærar når dei skal skriva sin rapport. Dersom alt skal gå gjennom SUFU, flytter me makta bort frå oss. Det har vore eit problem at det har ligge negativ kritikk av førelesarar ute på nett, og av omsyn til personvernet er det ikkje alle som ynskjer at det ligg ute. Dersom det berre skal føreligga ein rapport, vil me ha vetorett, slik at me får godkjent dagsorden. Aller helst vil me at at vår rapport òg skal liggja ute på nett, slik at det både finst ein rapport frå faglærar og ein frå studentane (ved FFU).
      • SUFU skal òg ta opp om informasjonen skal gå gjennom SUFU eller ikkje. Det er ikkje verd å slutta med kontakt med faglærar berre av di det har vorte problem nokre gongar. Kontakten med førelesar er verdifull, og det er dumt å byråkratisera systemet ytterlegare.
  5. FAGEVALUERING
    • FYS-MEK1110 er ferdig. FYS2130-rapporten er ikkje starta på. FYS2140 ligg framleis ute, slik at folk kan svara. Det er Luis som har ansvaret. FYS3510 er svart ferdig. FYS1000 stenger på fredag.
  6. PANIKKHJELP
    • Dersom me skal arrangera panikkhjelp, burde me starta for lenge sidan. Me legg det på is og prøver til hausten att. Me kan arrangera panikkhjelp til hausten, til dømes for obligane i elmag og oblig 6 i FYS-MEK (midtvegsobligen). Det er enklare å få det til når det er obligar, for då har ikkje FFU eksamenspanikk. Før har det vore slik at dei som stiller opp for å hjelpa til får pizza. Kristine, Eva, Håkon og Live ser på korleis det kan gjennomførast.
  7. SISTE MØTE FØR SOMMAREN?
    • Dette er siste møte før sommaren. Me startar opp att etter fadderveka, i slutten av august.
  8. KVA SKJER OVER SOMMAREN?
    • Det er Instituttstyremøte 16. juni (Eva og Fredrik), TU har møte neste veke (Jonas). Sigurd, Audun og (etter planen) Mari forsvinn etter sumaren. Fagevalueringane må vera ferdige før folk reiser frå Lillefy. Fredrik skriv attest til dei som forsvinn.
  9. KOMPENDIER
    • Kompendieskrivet er sendt til SUFU. I tillegg fekk me MNSU til å prioritera kompendiearbeid det neste halve året då me var på allmøtet.
  10. KNASK
    • Fredrik tek med knask over sumaren
  11. EVT
    • Hugs grillfest med Fysikkforeininga 3. juni og Champions League-finale laurdag 28. mai. Kampen startar kvart på ni. Me har ordna rom. Det vert billiard før. Jan Fredrik kjøper knask. Sigurd ordnar det tekniske.
Av Eva Holthe Enoksen, sekretær
Publisert 31. aug. 2011 17:17