Førebels referat frå møte i fysisk fagutval 7. september 2011

Tid: 17.20-17.42

Stad: Møterommet, fysisk institutt

  1. GAD
    • Godkjent
  2. GAR
    • Godkjent
  3. POST
    • Ingen post
  4. MØTE
    • Møte om energiutdanning:
    • Espen og Eva har vore på møte med arbeidsgruppa for energiutdanning. Det er snakk om å få til meir tverrfaglegheit kring energiutdanning, og gjera det enklare for folk å ta emne frå andre fakultet
  5. ALLMØTE
    • Jonas blestar på MAT-INF1100, Eva blestar i FYS1120.
    • Børek vert levert mellom fire og fem på onsdag. Mathilde tek imot. Det kostar ~700 kr, og me må ha pengar kontant.
    • Fredrik sjekkar om e-posten vår er sendt ut, og får dei eventuelt til å senda ut.
    • Mathilde sørger for kaffikanner, sukker, melk og kjeks.
    • Me har reservert Store fy, Luis skriv skilt og lagar transparent til å ta med på førelesning.
    • Eva får nokon til å skriva referat.
  6. KONSTITUERANDE MØTE
    • Me tek bilete etter møtet
    • (Jan)Fredrik tel over kor mange ledige plassar me eigentleg har på lillefy.
    • Me kan vera 15-18 stykker i FFU, fleire vert uoversikteleg.
  7. INTERNET
    • Me har bedt om betre internett i kjelleren, men det har ikkje skjedd noko. Fredrik skal masa meir, slik at me får ordna internett.
  8. BIBLIOTEKSAREALA
    • Me har sendt eit brev til Einar Sagstuen, men me har ikkje høyrt noko. Me har prata med han, og han vil gjerne at me skal klaga endå litt meir, særleg på møblene i trappeoppgangen, lillefy øst og teori-auditoriumet. Eva sender brev og studentundersøkinga til Espen, så ser han på det.
  9. LAMU
    • LAMU-dag snart. Det nye LAMU-medlemet må dra dit, men det tek me på konstituerande møte neste veke.
  10. KNASK
    • Knask til allmøtet er ordna. Eva tek med knask på konstituerande møte.
  11. EVT
    • NoFFo vil gjerne ha konferanse 9.-11. mars. Dei som har problem med det må seia ifrå til Jonas.
Av Eva Holthe Enoksen, sekretær
Publisert 14. sep. 2011 20:34 - Sist endret 14. sep. 2011 20:34