2012-01-30: Referat frå møte i Fysisk fagutval

  1. Godkjenning av dagsorden
    1. Godkjent
  2. Godkjenning av referat
    1. Godkjent
  3. Post
    1. Uniforum
  4. Møte
    1. Instituttstyret: Ekstraordinært møte kun for å vedta stillingsutlysingstekst til instituttleiarstilling.
    2. Studie-, undervisnings- og forskerutdanningsutvalget (SUFU)
  5. Allmøte
    1. Debatt om kva for mat me skal servere. Me landa på børek.
    2. Innkallings-epost skal sendest til fysfor-styret@fys.uio.no, hard-kjerne@fys.uio.no, instituttleiar og studieinfo.
    3. Treng òg plakat.
  6. Spinntur
    1. Me har hytte, me har forelesar: Are Raklev tek det!
    2. Me har bil.
    3. Potensielle gruppelærarar: Eva, Jonas, Jørgen, (Sigve) + Fysikkforeningsfolk
    4. Andre som er med: Arnfinn, Mathilde, Emilie, Yngvil, (Live), (Sigve)
    5. Me sett eit tak på maks 45 påmeldte (sup{påmeldte}).
    6. Kristine finn og legg ut pakkeliste og slikt på nettsida vår.
    7. Me har forelesningsnotat, men oppgåvene treng ei oppdatering. Mathilde og Emilie tek jobben med å samle saman oppgåver, forelesningsnotat og oblig og kopiere opp til alle. Dei vel oppgåver slik at det passar med forelesningsnotatet. Oppgåvene må haldast på eit lågt nivå; hovudtyngda skal ligge på obligregning.
  7. Fageval
    1. Alt er ferdig frå 2011.
  8. Spillkveld
    1. Kristine har funne datoar: Onsdagane 22.02, 21.03, 18.04 og 23.05
  9. Susing på lesesalen ++
    1. Jørgen snakka med Dag Magnus Loose, og han lova å følge opp problemet med susing.
    2. Fredrik har snakka med Borrebæk på IT. Han har routarar som er tiltenkt kantina, og ei av dei vert antakeleg hengande inne i biljardrommet!
  10. Likestillingsutvalet
    1. LU ønskjer å restarte Lille My, jenteforeninga på Fysisk institutt. Live og Kari vil gjerne ta tak i dette. 
  11. Knask
    1. Godkjent. Kristine tek med knask neste gong.
  12. Evt
    1. Fredrik minner om prøveforelesning for elektronikkstilling, kl. 11.15 tirsdag og onsdag.
Av Jørgen Eriksson Midtbø, sekretær
Publisert 6. feb. 2012 17:21 - Sist endret 23. mai 2012 09:11