2012-03-14: Referat frå møte i Fysisk fagutval

  1. Godkjenning av dagsorden
    1. Godkjent.
  2. Godkjenning av referat
    1. Godkjent
  3. Post
    1. Inga post
  4. Møte
    1. Eva og Jørgen var på nettverksmiddag med Realistlista. Fikk høyre en del om Life Science-bygget som er under planlegging. Det ble også nemnt at heile kjemi-bygget skal stengast av så nær som underetasjen, på grunn av sikkerheit (kjemikalier o.l.).
    2. Wilhelm har vært på TU-møte.
  5. Fagevaluering
    1. Eva har sett opp grupper til fagevalueringane. Gruppane byrjar med å ta kontakt med forelesar og høyra korleis kurset er bygd opp: Er det bok/kompendium, lab, gruppeoppgåver, plenumsrekning, etc? Spør også gjerne forelesar om han/ho ønskjer å få med eit spørsmål eller to. Så lagar dei skjema og sendar ut, anten på e-post til studentane dersom lista er tilgjengelig, eller via studiekonsulentene. Så må det purrast etter kvart.
    2. Cecilie har meldt seg til å mase på studentane som tek FYS2050L, som evaluerast av Eva, Jonas og Jørgen.
    3. Statistikk og rapport skal verte integrert denne gongen. Det betyr at statistikk og kommentarar skal klippast ut frå nettet og limast inn i LaTeX. Berre kommentarar som er representative skal vere med.
  6. Middag
    1. No på laurdag. Fredrik lagar mat, Jonas handlar med hjelp av Jørgen og Eva. Yngvil og Live lagar kvar sin dessert/kake. Luis skal moglegvis lage eplekake. Maten er klar kl. 18.00.
  7. Studentundersøking
    1. Stadig fint om fleire kan svare på han. På spørsmålet om kjønn legg me til "Ønskjer ikkje å svare på spørsmålet". Me meiner det er relevant å ha med spørsmålet, særleg for å kartlegge kvinneandelen som funksjon av kor monge år folk har studert. Yngvil, Emilie og Sigve går gjennom undersøkinga. Viss desse tre meiner han er OK, så seier me at den er det. Til slutt skal Jørgen/Eva gå gjennom han og lese korrektur.
  8. Masterpresentasjon
    1. Helén blestar i FYS-MEK. Masterpresentasjonen er i morgon frå 14.15 i Storefy. Sjølve presentasjonen er kort, og så vert det pizza og mingling i kantina etterpå.
  9. Fysikkforum
    1. Me har lyst til å gjenopprette forumet. Det må renskast for spam. Kristine, Jørgen og Eva prøver å ta insj her, og få med nokon frå Fysikkforeninga. Me bør nok redusere talet på kategoriar.
  10. Knask
    1. Godkjent. Emilie tek med knask neste gong.
  11. Evt.
    1. Sigve vert med Fredrik på å prøve å finne ut av bibliotekssaka.
    2. På neste møte vurderar me om me vil ha møte i midtveisuka.
    3. Stian Lågstad, studentkontakt i Microsoft, kjem på spillkveld neste veke for å demonstrere Xbox Kinect. Han må fikse det praktiske sjøl.
Av Jørgen Eriksson Midtbø, sekretær
Publisert 11. apr. 2012 09:12 - Sist endret 8. juli 2012 13:41