2014-09-16 Opprit frå konstituerande møte i Fysisk fagutval

Møtet vart sett klokka 19:20.

  1. Godkjenning av dagsorden: Dagsorden vart godkjend.

  2. Godkjenning av referat: Referatet vart godkjend.

  3. Møte:

    • Jørgen har vore på møte i masterprogramrådet. Det vart diskutert korleis ein kan sikre at rettleiarar gjer jobben sin og rettleiar masterstudentene sine på ein skikkeleg måte. Det finst døme på dårleg rettleiing. Det er vanskeleg å lage rigide reglar som ikkje vert veldig byråkratiske eller øydelegg for fridomen på plasser der det fungerar bra. Konklusjonen vart at det må informerast bra til folk som byrjer på master om at dei kan ta kontakt med studieseksjonen, kontaktperson på forskingsgruppa eller andre om dei har problem. I tillegg snakka dei om opptakskrava til master i fysikk – dei er nokså spesifikke, som kan vere eit problem for folk som kjem frå andre universitet. Men det er samtidig viktig at reglane er klare, så ikkje studieseksjonen vert nedlessa i vurderingsarbeid. Konklusjonen vart at programrådsleiaren godt kan bruke skjønn i brei forståing når det kjem klagar, så instituttet ikkje går glipp av gode kandidatar.

    • Einar har vore på møte i samband med karrieredagen som er under planlegging på MN, og fortel litt om kva karrieredagen går ut på. Det skal vere ein stor dag i februar for alle studentar på MN-fakultetet, med budsjett på 200 tusen kronar og mange store arbeidsgivarar. Fysisk fagutval med Einar har fått i oppgåve å organisere snøgg-intervjua og få tak i ein konferansier. Anne-Marthe kom med framlegg om å lage eit verv internt i FFU for å følgje opp karrieredagen. Dagen heiter RealKarriere.

    • Simon har vore på møte i LAMU. Det vart snakka om ein vatnlekkasje som har vore på Store fysiske lesesal, i samband med at noken har teke seg opp på taket. Det vert iverksett tiltak for at det ikkje skal vere mogleg å komme seg opp på taket.

    • Anne-Marthe har vore på studieutvalgsmøte på fakultetet. Det vart snakka om å søke Kunnskapsdepartementet om å få auke inntakskrava til bachelorprogramma på fakultetet.

    • Anne-Marthe og Jon Vegard har vore på utdanningsseminar på instituttet. Studiedekanen snakka om satsinga InterAct, som er eit prosjekt for betre undervisning på fakultetet. Det var òg snakka om ein mogleg ny bachelorgrad i medisinsk teknologi. Dessutan snakka dei om korleis FAM-bachelorprogrammet skal reviderast.

  4. Post/e-post:

    • Lille fysiske lesesal vert stengt i ein periode på om lag tre veker frå førstkommande måndag. Me kan ikkje vere der i perioden det er stengt. Me kjem til å ta i bruk Store fysiske lesesal, det vil seie at me tillet at det vert snakka der og flytter kaffitrakteren og bøkene våre opp.

    • Arnt-Inge treng gruppelærarar til alternativ oblig i INF1100. Send epost til Camilla Kirkemo Alm om du vil vere med, og kopier Anne-Marthe i eposten.

  5. Val av verv

    • Studie-, undervisnings- og forskarutdanningsutvalet (SUFU). Jon Vegard og Anna vart representantar, Torgeir og Camilla vart vara.

    • Tilsettingsutvalet (TU). Øyvind og August stilte begge som representant. August vart valt som representant ved hemmeleg val, Øyvind vart vara.

    • Lokalt arbeidsmiljøutval (LAMU). Mathias vart representant, Simon vart vara.

    • Likestillingsutvalet (LU). Ina vart representant, Henrik vart vara.

    • Varaskrivar (varareferent). Henrik vart førstevara, Vetle vart andrevara.

    • Nettmeister (webmaster) og EDB-sjef (IT-sjef). Trond Wiggo vart valt.

    • Skapansvarleg. Vebjørn vart valt.

    • Blæstsjef. Øyvind vart valt.

    • Lesesalmajor. Niels, August, Henrik, Anne-Marthe og Kristian ønskja seg vervet. Anne-Marthe vart valt ved hemmeleg val.

    • Spelkveldansvarleg. Niels og Anne-Marthe vart valt. Niels er sjefen.

    • Bibliotekar (følgjer opp sakene om Store fysiske lesesal og læringssenteret). Jørgen og Anders vart valt til å dele på det.

    • Karrieredag-ansvarleg. Einar og Anna vart valt.

    • Vaffelsjefar. Sunniva og Wilhelm vart valt.

  6. Møtetid. Jon Vegard set opp ein doodle som han sender ut på epost for å finne ein fast møtetid. Neste møte vert måndag 22. september klokka 16.15.

  7. Felttur. Fagleg hyttetur til KSI-hytta i Nordmarka 25.-26. oktober for dei som tek FYS1120 Elektromagnetisme. Alle medlemmer av fagutvalet er inviterte.

  8. Knask. Godkjend. Kristian tek med knask neste gong.

  9. Ymse (eventuelt)

    • Branninstruks. Alle som er nye på Lille fysiske lesesal (vår eigen lesesal) må skrive under på branninstruksen. Snakk med Jon Vegard om det.

    • Namn med meir. Alle skriv ned namn, telefonnummer og UiO-brukarnamn på maskina til Jon Vegard.

Møtet vart heva klokka 20.35.

Av Jørgen Eriksson Midtbø
Publisert 23. sep. 2014 11:06