2014-09-22 Opprit frå møte i Fysisk fagutval 22. september 2014

Møtet vart sett klokka 16.15.

  1. Godkjenning av dagsorden. Godkjend.

  2. Godkjenning av referat. Godkjend med endringar.

  3. Post/epost. Einar trur ikkje me har fått post. Har ikkje fått epost.

  4. Møte.

  • Torgeir og Anna har vore på SUFU-møte. Dei hadde dårleg tid og måtte haste gjennom. Dei bestemte seg for å endre FYS4180 sånn at ein ikkje lenger må ta prosjektoppgåve ved ei anna gruppe enn den ein tek master ved. Diskuterte òg emneevalueringane frå sist semester. 10 av 29 kurs leverte rapport frå evalueringa – det er visst utdanningsleiar nøgd med, særleg sidan det er fyrste gong det er gjort på den måten. Våre representantar tok òg opp det at FYS3510 har for mykje pensum og overlapp.

  • Jørgen har vore på Storefy-møte med fakultetet. Det verker som det skjer ting der no, fakultetet er på glid. Jørgen er i arbeidsgruppe for å arbeide vidare med det.

  1. Møtetid. Vert mandagar klokka 16.15.

  2. Storefy. Sjå punkt 4.

  3. Felttur. Påmeldingsfrist éi veke før. Blæster så fort som råd og éi veke før. Simon, Mathias og Kristian tek seg av blæst.

  4. Knask. Godkjend. Niels tek med knask neste gong.

  5. Ymse.

  • Jon Vegard tar kontakt med Eli Hole og Grete Stavik-Døvle for å få til nye møter slik me har hatt tidlegare. Det er ein fin arena for å ta opp smått og stort, som alle i fagutvalet er velkomne til å vere med på.

  • Niels vil ha dato for spelkveld. Foreslår onsdag om tre veker, det vil seie 15. oktober. Niels tek kontakt med Kristine og får guide til korleis ein skipar til spelkveld.

  • Anne-Marthe minnar om at pauserommet må haldast ryddig sjølv om me ikkje har tilgong på lesesalen dei neste vekene. Det er framleis ikkje lov å sette frå seg oppvask på benker eller andre plasser – det skal i oppvaskmaskina.

Møtet vart heva om lag 16.45.

Av Jørgen Eriksson Midtbø
Publisert 3. okt. 2014 13:44 - Sist endret 3. okt. 2014 13:44