2015-01-27 - Opprit fra allmøte FFU

Alle val og vedtak vart gjort ved akklamasjon med mindre noko anna er spesifisert.

    1.    Godkjenning av innkalling

    ◦    Innkallinga vart godkjent.

    2.    Godkjenning av dagsorden

    ◦    Innkallinga vart godkjent.

    3.    Val av referent

    ◦    Jørgen Eriksson Midtbø vart valt som referent.

    4.    Val av møteleiar

    ◦    Jon Vegard Sparre vart valt som møteleiar.

    5.    Val av to personar til å skrive under møtereferatet

    ◦    Kristian Tuv og Vetle Wegner Ingeberg vart valt.

    6.    Val av leiar, nestleiar og sekretær

    ◦    Jon Vegard vart valt som leiar.

    ◦    Anna Birk Hellenes vart valt som nestleiar.

    ◦    Henrik Sverre Limseth vart valt som sekretær.

    7.    Val av medlemmer til Fysisk fagutval

    ◦    Anne-Marthe Hovda, Simon Millerjord, August Geelmuyden, Arnlaug Høgås Skjæveland og Vetle Wegner Ingeberg vart valt.

    8.    Val av representant til MNSU

    ◦    Simon Millerjord vart valt. (For eit heilt år.)

    9.    Val av representantar til programråda for:

    9.1.    Fysikk master - Ein hovudrepresentant og ein vararepresentant

    ▪    Jørgen Eriksson Midtbø vart valt som representant, Anders Lauvland vart valt som vara.

    9.2    FAM - En hovudrepresentant og ein vararepresentant

    ▪    August Geelmuyden vart valt som hovudrepresentant, Anne-Marthe Hovda som vara.

    9.3    ELDAT - Ein hovudrepresentant og ein vararepresentant

    ▪    Det har ikkje lukkast fagutvalet å finne nokon til å fylle dette vervet.

    9.4   MENA - To hovudrepresentantar (ein for eitt år, og ein for eitt semester) og to vararepresentantar (ein for eitt år, og ein for eitt semester)

    ▪    Desse er allereie valt på Menageriet sitt allmøte. Dei er: Kristin Hubred Nygård, Asbjørn Slagtern Fjellvåg og Sindre Rannem Bilden.

    10.    Val av representantar til instituttstyret:

    10.1.    Ein hovudrepresentant og ein vararepresentant

    ▪    Ina Berentsen Kullmann vart valt som hovudrepresentant. (For eit år.) Mari Martinussen vart valt som vara for Ina. Sidan Ina frå før var valt som vara for Kristian Tuv (den andre hovudrepresentanten) og hadde eit halvt år igjen av valperioden, vart Arnlaug Høgås Skjæveland valt som hennar erstattar som vara for eit halvt år.

    11.    Semestermelding

    ◦    Jon Vegard fortalte kva fagutvalet gjorde sist semester. Meldinga vart godkjent av allmøtet.

    12    Semesterplan

    ◦    Jon Vegard fortalte kva planar fagutvalet har for kommande semester. Dei er:

    ▪    Spinntur med spinn - ein ny vri der studentar frå FYS2140 kan bli med.

    ▪    Rekneverkstad i FYS2130 og FYS-MEK1110

    ▪    Spelkveldar

    13.    Statuttendringar

    ◦    Fagutvalet foreslo følgande endringar i statuttane: 

        Fjernet fra pkt. 3: At PGP-masterstudenter og de som tar hovedfag i fysikk regnes som studenter ved instituttet. 

    ▪    I punkt 5: Urnevalg blir gjort dersom minst ti prosent av de oppmøtte på allmøtet krever det. Endres til: Valg avholdes som urnevalg med mindre allmøtet enstemmig vedtar noe annet. Et vedtak om annen valgordning enn urnevalg gjelder kun for første påfølgende valg.

    ◦    Framlegget til endringar vart vedteke av allmøtet ved akklamasjon.

    14.    Ymse

    14.1    Eva Holthe Enoksen frå Realfagsbiblioteket fortalte kva tilbod biblioteket har til oss studentar på Fysisk institutt. Framlegg kan sendast til ho på epost, adressa kan ein kan finne på nettsidene til biblioteket.

 

Eg har lese oppritet og går god for innhaldet

 

_______________                            __________________

Kristian Tuv                                Vetle Wegner Ingeberg

Av Jørgen Eriksson Midtbø
Publisert 20. sep. 2015 10:18 - Sist endret 20. sep. 2015 11:31