English version of this page

Ein analytikars veg til kvantesymmetri

Denne sida vert ikkje oppdatert med løpende informasjon frå prosjektet. Gå til den engelske versjonen av sida for å lese meir om prosjektet.

Om prosjektet

Ordet symmetri er av eldgammalt gresk opphav. Grekarane brukte dette ordet for å uttrykkja eit harmonisk forhold mellom ulike delar av ein gjenstand, dei gode proporsjonane mellom dens bestanddelar. I våre dagar blir ordet symmetri bruka i formell forstand om invarians av eit objekt under

ei samling av transformasjonar. I matematikk har idéen om symmetri vorte ført vidare til meir abstrakte situasjonar, og det har mellom anna gitt opphav til omgrepet kvantegruppe. Kvantegrupper generaliserer idéen om at ei samling av avbildingar definerer ein symmetri, men no eksisterer ei slik samling som ein heilskap og har ingen av avbildingane ei meining i seg sjølv. Dette kan høyrast abstrakt ut, men ein av motivasjonane bak kvantegrupper er å forstå symmetriar i naturen på subatomisk nivå, der lovene til fysikken oppfører seg på ein veldig bisarr måte sett frå det makroskopiske synspunktet vårt. Når ein studerer kvantegrupper, viser det seg vera nyttig å tenkja på endå meir abstrakte strukturar, såkalla tensorkategorier, som, på ein måte, beskriv symmetriar av ein slags felles kjerne til objekta ein vurderer. Målet med prosjektet er å utvikla analytiske reiskapar som eignar seg for å studera desse abstrakte strukturane, og som ein bruk oppnå ei mykje betre forståing av kvantegrupper.

Finansiering

Dette prosjektet er finansiert av Norges Forskningsråd. Prosjektnummer: 300837, totalbudsjett 15,7 millionar kroner.

 

 

Publisert 14. sep. 2020 11:54 - Sist endra 4. mai 2023 13:58

Deltakarar

Detaljert oversikt over deltakarar