English version of this page

Sophus Lie Konferansesenter

Sophus Lie konferansesenter for matematikk og tilgrensande fagområde er etablert gjennom ei samarbeidsavtale mellom Eid kommune (no Stad kommune) og dei matematiske institutta ved NTNU i Trondheim og universiteta i Bergen, Oslo, Stavanger og Tromsø. Det skal på sommarstid vere ein møtestad for studentar, lærarar og forskarar, med ulike seminar, kurs og konferansar. Senteret inviterer alle som planlegg slike arrangement til å ta kontakt.

dronebilde over folkehøgskulen

Fjordane Folkehøgskule

Fjordane Folkehøgskule

Fjordane Folkehøgskule på Nordfjordeid husar om sommaren Sophus Lie Konferansesenter for matematikk og tilgrensande fagområde. Senteret tilbyr 90 sengeplassar ved skulen. I tillegg finst hotell og ulike andre overnattingstilbod på Nordfjordeid.

Overnatting i paviljongar

Skulen har ni særeigne paviljongar med dobbelt og einskildrom. Paviljongane er utstyrte med tekjøkken, kjøleskap, dusj, toalett, bøtterom og tørkerom. Skulen sitt kjøken ordnar med all matservering og har kapasitet til 150.

Flotte undervisningslokale

Fjordane Folkehøgskule er ein av dei nyaste folkehøgskulane i landet og stod ferdigbygd i 1975. Aulaen har plass til 350 personar og har nye, store tavler som eignar seg godt til matematikkforelesningar.
Skulen kan óg tilby klasserom med plass til 30-40 personar og ei rekkje mindre rom. AV-utstyr kan stillast til rådvelde. Eit eige IT-rom med tilgang til datamaskiner med Internett-kontakt er og disponibelt.

Velkommen til Nordfjordeid

Fjordane folkehøgskule ligg i gangavstand til sentrum av Nordfjordeid, som er servicesenteret for Stad Kommune. Her finst turistinformasjon, restaurantar, kafear, pubar, ved sidan av ei sjarmerande handlegate og kjøpesenter, post i butikk og bankar. Kulturlivet er rikt og variert, med flaggskipa Opera Nordfjord, Malakoff rockfestival og kunnskapssenteret om vikingtida, Sagastad.

Nordfjordeid ligg ved fjorden mellom høge fjell, og er eit godt utgangspunkt for fotturar til toppar med vid utsikt. Frå Nordfjordeid kan ein ta turar til Briksdalen, til Stadt eller tilsvarande naturopplevingar som ikkje tar meir enn ein halv dag. Ved større arrangement tilbyr senteret eit kultur-arrangement med lokale krefter.

For arrangøren av eit kurs eller ein konferanse kan senteret vere til hjelp ved påmeldinga og ta seg av inn- og utsjekking av deltakarar. Senteret kan tilby svært rimelege prisar for kost og losji.

Reiseruter

Her er dei vanligste mulighetene:
a) Fly: Det naturlige stedet å fly til er Sandane via Oslo eller Bergen. Denne flyplassen er bare 5 km frå Nordfjordeid og det går buss/taxi frå flyplassen.
b) Buss: Det er relativt god bussforbindelse mellom Oslo og Nordfjordeid, og Bergen og Nordfjordeid men det tek hhv 9 og 7 timar.
c) Med båt og buss: Det går også ein ekspressbåt mellom Bergen og Måløy, med bussforbindelse fra Måløy til Nordfjordeid. Denne turen tek ca 6 timar totalt.
 
Reisetider til Nordfjordeid frå    Oslo Bergen Trondheim
Fly 90 min. 50 min. 4 t.
Buss 9 t. 7 t.  8,5 t.
Ekspressbåt + buss - 6 t. -
Hurtigrute + buss - 10 t. 20 t.
Bil 8 t. 5 t. 8 t.
  • Widerøe sin nettstad: Fly til Sandane, buss/taxi/båt (5km) vidare til Nordfjordeid.
  • Nettbuss frå Bergen, Oslo eller Ålesund til Nordfjordeid.
  • Togruter: Tog til Otta, buss fra Otta til Nordfjordeid.
  • Norled rutetabeller: Ekspressbåt til Måløy, buss vidare til Nordfjordeid.
  • Hurtigruta: til Måløy, buss til Nordfjordeid.

Kontaktpersonar

Sophus Lie konferansesenter:

Silvia van Hesik Førde/Terese Balsnes
Fjordane Folkehøgskule
6771 Nordfjordeid
Telefon 57 88 98 80
post@fjordane.fhs.no

www.fjordane.fhs.no

Universitetet i Oslo:

Kristian Ranestad
Matematisk Institutt
PB 1053 Blindern, 0316 Oslo
Telefon 22 85 59 17 / 22 85 58 88
ranestad@math.uio.no

Publisert 25. jan. 2011 14:41 - Sist endret 23. juni 2022 09:39