Kavlipris-veka 2012

Den første veka i september har vore hektisk for mange astronomar og andre vitskapsinteresserte i Oslo. Kavlipris-veka er akkurat over, ei veke fylt med foredrag, seremoniar, seminar og regjeringsmiddagar.

biletet av ein grå bygning

Kavliprisene 2012 vart delt ut i Oslo konserthus 4. september. Foto: ITA/UiO.

Kavliprisen i astrofysikk for 2012 blir delt mellom tre forskarar ved amerikanske universitet: David Jewitt, Jane Luu og Michael Brown. Dei fekk prisen «for oppdaginga og karakteristikken deira av Kuiper-beltet og dets største objekt, eit arbeid som førte til viktige framsteg i forståinga av vårt planetsystems historie». Prisen består av ein medalje, eit diplom og eit kontantbeløp på éin million dollar som blir delte mellom prisvinnarane.

Sjølve prisutdelinga fann stad tysdag 4. september i Oslo Konserthus, men kvar dag heile veka kunne interesserte vera med på ulike seminar og foredrag. Spesielt inviterte deltok på regjeringsmiddag og bankett. Ikkje alle kunne delta på alt, men mange fekk med seg nokon av storhendingane.

I dette biletgalleriet kan du sjå bilete frå Kavlipris-veka 2012

Publisert 10. sep. 2012 13:21 - Sist endret 14. feb. 2023 23:37