Kuiperbeltet og Oorts sky

Kuiper-beltet er nemninga på området utanfor Neptun og Pluto. Allereie i 1951 føresa Gerard Peter Kuiper at det her måtte finnast asteroidar, men det var først i 1992 at teorien vart stadfesta, og den første Kuiper-belte-asteroiden vart observert. Talet slike objekt observert når denne artikkelen vart skriven er rundt 200, og talet aukar stadig.

Figuren viser banane til Jupiter, Saturn, Uranus og Neptun og dei noverande posisjonane til eit utval fjerne asteroidar. Banane til gassplanetane er viste i lyseblått, og kvar planet er avmerkt med eit mørkeblått symbol. Den nåvaerende posisjon til asteroidane i dei ytre delane av solsystemet er viste i ulike fargar, @@svare# til dei ulike kategoriane av asteroidar. Usedvanlege objekt i banar med stor eksentrisitet er vist som lyseblå trekantar, Centaur-objekt som orange trekantar, Plutinoer (asteroidar i 2:3 resonans med Neptun) som kvite sirklar, og Pluto sjølv er angitt med eit stort kvitt symbol. Spreidde objekt er viste som lilla sirklar, og klassiske (hovedbelte-) asteroidar med raude sirklar.

Asteroidar som har vorte observerte ved berre ein enkelt opposisjon er angitt med opne symbol, objekt som har vorte observerte ved fleire opposisjonar med fylte symbol. Nummerererte periodiske kometar er angitt ved fylte, lyseblå kvadrat. Andre kometar er viste som lyseblå firkantar. Objekt som ikkje er kategoriserte verken som asteroidar eller kometar er angitt som asteroidar. Dette plottet må ikkje kopierast utan skriftleg løyve frå The Minor Planet Center.

Objekta er svært lyssvake og små. Ein går ut frå at det finst ca. 100 000 objekt med diameter større ein 100 km i avstanden 30-50 AE, og mange millionar med diameter større enn 5 km. Nordisk Optisk Teleskop har vorte brukt til recoveries av desse objekta, det vil seia observasjonar av objekt som allereie er oppdaga, for å bestemma banane nøyaktig. Det stadig aukande talet på objekt med god baneregel gir høve til dynamiske studiar av objekta.

Kuiper-belte-objekta er ut frå observasjonar delt inn i tre grupper:

  • Klassiske asteroidar som går i nær sirkulære banar.
  • Resonans objekt med ei omløpstid som dannar ein enkel brøk med Neptuns omløpstid. Denne eigenskapen stabiliserer objekta mot perturbasjonskrefter frå Neptun (men kor lenge?). Slike objekt kan kryssa Neptuns bane utan aa komma i nærleiken av planeten.
  • Objekt som har sterkt eksentriske banar etter å ha vorte utsette for tyngdepåverknader.

Dette er eit temmeleg nytt forskningfelt, og det inneheld derfor mange uløyste problem. Nokre viktige forskingsområde i dag er:

  • Kva rolle spelte desse objekta i samband med danninga til solsystemet?
  • Er Kuiper-beltet ei kjelde for kort-periodiske kometar?
  • Korleis har objekta fått så ulike eigenskapar?
  • Kor stabile/ustabile er banane til desse objekta over lange tidsrom?
Av Norunn Haug
Publisert 29. apr. 2011 12:48 - Sist endret 27. okt. 2023 11:20