Disputas: Hedda Breien

M.Sc. Hedda Breien ved Department of Geosciences vil forsvare sin avhandling for graden ph.d. (philosophiae doctor): On the dynamics of subaqueous and subaerial gravity mass flows – a comparison

Prøveforelesning

Se prøveforelesning

Bedømmelseskomité

Dr Roger Urgeles Esclasans, Institute of Marine Sciences, Marine Geology Department, Barcelona
Associate professor Jocelyn L. H. Grozic, University of Calgary, Department of Civil Engineering
Professor Elen Roaldset, Natural History Museum, University of Oslo

Leder av disputas:  Professor Nils Roar Sælthun

Veileder:  Anders Elverhøi og Kaare Høeg

Sammendrag

Kva er det som gjer at nokre skred går lenger enn andre? Å forstå dynamikken i ei skredhending er eit viktig steg på vegen mot forbetring av reknemodellar for skredkrefter og skredutløp. Målet med dette doktorgradsarbeidet har vore å betre kunnskapen om korleis skred held seg i rørsle i luft og vatn.
På bakgrunn av eksperimentelt arbeid og feltstudier har indre parameter som hastigheit og strøymingsregime stått i fokus. Gravitasjonen er ein felles drivande faktor bak skredhendingar, men kva er grunnen til at undersjøiske skred går så mykje lengre enn skred på land gjer? For oss menneske er det tyngre å springe i vatn enn i luft. Når det gjeld skred kan det verke som det er motsett. Denne avhandlinga dokumenterer at undersjøiske skred opptrer vesentleg forskjellig frå skred på land og at modellar og kunnskap ikkje nødvendigvis kan overførast mellom dei ulike miljøa.
Dei fysiske prosessane som føregår inne i skredet er viktige i høve til kor langt skredet når, men også når det gjeld kva for avsetjing som dannast. Til dømes er ei av dei viktigaste kjeldene til karbon-førekomstar reine sandavsetjingar i havet. Dette arbeidet har gjennom laboratorieeksperiment vist at og korleis sand kan transporterast, skiljast ut frå massestraumen og avsetjast som rein sand langt frå kjelda.
Hedda Breien disputerer for PhD-graden den 11. desember 2009 ved Institutt for Geofag, Universitetet i Oslo. Arbeidet er utført ved International Centre for Geohazards (ICG), Oslo og St Anthony Falls Laboratory (SAFL) i Minneapolis og er finansiert av VISTA og ICG.

Kontaktperson

For mer informasjon, kontakt Anne Innes.

Publisert 29. mars 2012 15:18 - Sist endret 13. apr. 2012 10:14