Disputas: Liv Norunn Hamre

Cand scient Liv Norunn Hamre ved Naturhistorisk museum vil forsvare sin avhandling for graden ph.d. (philosophiae doctor): Land-cover changes in a western Norwegian cultural landscape – Impact on plant species diversity, composition and population dynamics

Prøveforelesning

Se prøveforelesning

Bedømmelseskomité

Professor Jan M. van Groenendael, Radboud Universiteit Nijmegen, Nederland
Førsteamanuensis Regina Lindborg, Stockholm University
Professor Brita Stedje, Natural History Museum, University of Oslo

Leder av disputas:  forskningsleder Fridtjof Mehlum

Veileder:  Rune Halvorsen (UIO), Ingvild Austad (HSF) og Knut Rydgren (HSF)

Sammendrag

Kulturlandskapet i Noreg har gått gjennom store endringar frå siste halvdel av 1800-talet og fram til i dag. Drifta av produktive areal blir stadig intensivert, medan dei meir marginale areala gror att i eit stadig aukande tempo. Desse endringane har hatt mange negative konsekvensar både på mangfaldet av planteartar og på kulturarven vår.
I sitt doktorgradsarbeid har Liv Norunn Hamre undersøkt landskapet rundt Urnes stavkyrkje i Sogn og Fjordane, eitt av Noreg sine sju område på UNESCO si verdsarvliste. Med eit utskiftningskart frå 1865 som historisk kjelde, har ho studert strukturendringane i dette landskapet. Arbeidet viser kva effekt slike strukturendringar har hatt på fordelinga av planteartar i landskapet generelt, og i gamle enger spesielt. Gjennom undersøkingar av populasjonsdynamikken til den lyskrevjande engplanta smalkjempe (Plantago lanceolata) viser Hamre korleis endringar av skjøtsel med påfølgjande gjengroing påverkar slike sårbare kulturmarksartar.
Analysar av korleis strukturane på det gamle kartet overlappar med strukturane i dagens terreng, gjorde at ein kunne identifisere steingardar, bakkemurar og røyser med lang kontinuitet (frå tida før 1865) og skilje dei frå yngre strukturar. Desse detaljerte resultata var mogeleg fordi det gamle kartet vart transformert direkte til terrenget og ikkje til eit moderne kart, slik praksis har vore tidlegare.
Undersøkingane viste at sjølv om sårbare kulturmarksartar har høgast førekomst i dei gamle engene, finst dei også spreidd i landskapet elles. Historia i landskapet forklarar delvis samansetjinga av artar på dei gamle engene, men hovudgradienten er relatert til korleis enga er drifta i dag. Studiet av populasjonsdynamikken til smalkjempe viste at den lettvinte skjøtselsløysinga med å slå ein gong i året utan å fjerne høyet var meir gunstig for arten enn gjengroing. Samstundes vil lettvint skjøtsel truleg vere utilstrekkeleg for langsiktig oppretthalding av artar som smalkjempe, for det blei ikkje observert spiring av frø i områda som blei stelt på denne måten. Dette understrekar kor viktig den tradisjonelle drifta faktisk er for å oppretthalde verdifulle kulturlandskap.
Studiet viste elles at område med høg naturverdi ofte også inneheld svært gamle kulturelement. Desse areala bør vera ’hot-spots’ i forvaltningssamanheng, fordi ein ved rett skjøtsel kan ta vare på biologisk mangfald og kulturarv på ein og same lokalitet. Dei gamle utskiftningskarta kan, med andre ord, skaffa fram viktig grunnlagsinformasjon for utarbeiding av forvaltningsplanar for verdifulle kulturlandskap.
Studiet er gjennomført av Liv Norunn Hamre ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF), med formell tilknyting til Naturhistorisk museum, Universitetet i Oslo. Studiet har vore finansiert av Kunnskapsdepartementet og HSF. Studiet har også hatt økonomisk støtte frå Riksantikvaren og Luster kommune.

Kontaktperson

For mer informasjon, kontakt Elisabeth Aronsen.

Publisert 30. mars 2012 15:37 - Sist endret 13. apr. 2012 10:15