English version of this page

Kva forventar vi av rettleiarane og av masterstudentane?

Fysisk institutt ønskjer at masterstudentar skal få god og føreseieleg rettleiing som hjelper dei til å få best muleg læringsutbytte. Sidan tilsette på instituttet kan ha ulike erfaringar, har studieadministrasjonen, leiinga og utdanningsutvalet vorte samde om nokre retningsliner for rettleiing av masterstudentar.

Hovedpunkt

  • Rettleiarar har ansvar for at prosjektplanen (prosjektbeskriving) blir utarbeida i fellesskap mellom student og rettleiar, og at planen blir eit nyttig verktøy for å følgje opp prosjektet for resten av masterstudiet.
  • Regulær rettleiing kvar veke eller jamneleg på anna vis, bør vere normen.
  • I tillegg til regulær rettleiing, bør rettleiarar og student møtast to gonger i semesteret dei siste tre semestra, for å følge opp progresjonen med prosjektet og avklare forventingar for vidare arbeid og samarbeid.
  • Masterstudiet skal først og fremst ende opp i ei masteroppgåve.  Publisering av vitskaplege artiklar må prioriterast lågare enn masteroppgåva i seg sjølv.
  • Masterstudiet har mange ulike læringsutbytte. Rettleiaren har ansvaret for å hjelpe studenten med å oppnå alle, men det finnst felleskurs som støttar rettleiarane på enkelte områder.
  • Masterstudenten er forventa å ta leierskap i sitt eige masterprosjekt.
  • Både rettleiarar og studentar bør lese desse retningslinene før masterarbeidet startar. 

Prosjektplanen (prosjektbeskriving)

Eitt av læringsutbyta masterstudiet skal gi, er at studenten "...kan planlegge og styre et forskningsprosjekt". Eit viktig steg i å lære dette, er at student og rettleiar samarbeider om å utarbeide ein prosjektplan i første semester.

Prosjektplanen skal vere eit verktøy som hjelper studenten med å planlegge og strukturere arbeidet med oppgåva. Difor må studenten delta aktivt i skriveprosessen, og forstå innhaldet i planen og få eigarskap til den. Etter kvart som prosjektet skrir fram og utviklar seg, kan prosjektplanen reviderast. Det er viktig at planen inneheld tidsplanlegging for dei semestra masterstudiet dekker. Prosjektplanen bør ha tydelege milepælar og fristar som både student og rettleiar følgjer opp undervegs.

Progresjon og avklaring av forventingar

Gjennom heile masterstudiet er det viktig at student og rettleiar har ein open dialog om kva dei forventar av prosjektet og kvarandre. Viss studenten skal lære seg spesiell teori, eksperimentelle metoder eller numerisk modellering, kor mykje skal studenten lære på eiga hand, og kor mykje skal rettleiar bidra med? I kva periodar skal rettleiar eventuelt bidra?

For dei fleste vil det vere lurt å avtale ei fast tid kvar veke der student og rettleiar kan snakke om alt frå små avgjerder og kommentarar til meir omfattande rettleiing. Vi vil også rå rettleiarar og studentar til å øyremerke to møter kvart semester til å snakke spesielt om korleis progresjonen ligg an i forhold til prosjektplanen, kva som skal skje framover for å oppretthalde eller betre progresjonen, og kva rettleiar og student forventar av kvarandre i dette arbeidet.

Risikohandsaming

Mykje kan skje i eit forskingsprosjekt. Rettleiar og student bør lage ei liste over alt som kan gå galt (utstyr kan gå sund, eller ikkje bli levert; laben kan bli utilgjengeleg; godkjenning kan kome for seint; det kan ta lang tid å finne feil i programkoden, etc.), og konkrete planar for kva som bør gjerast dersom dette skulle skje. Då er det større sjanse for å rekke innleveringsfristen, sjølv om noko skulle gå gale. Ein kan ikkje alltid få utsetting av fristen.

Forventningar til masterstudenten

Masterprosjektet tilhøyrer masterstudenten, og det blir forventa at studenten driv prosjektet framover. Dette inneber mellom anna å aktivt ta kontakt med rettleiar eller andre når dette trengst. Studenten bør forvente å få svar frå rettleiar innan rimelig tid, men må hugse at det ikkje er rettleiar, men studenten sjølv som er prosjektleiar. Det er difor studentens ansvar å følgje opp progresjonen i prosjektet og foreslå endringar når det trengst.

Vi forventar at studentene deltek på masterseminara for å lære seg generelle ferdigheiter, eller lærer desse på eiga hand. Rettleiar vil fokusera på vitskapleg rettleiing.

Det blir og forventa at studenten har sett seg inn i regelverket knytt til mastergraden og tek kontakt med studieadministrasjonen om administrative spørsmål.

Masteroppgåva er noko anna enn ein PhD

Sjølv om eit masterstudium og eit PhD-studium deler fleire læringsutbytter, er det viktige skilnader mellom dei to. Masteroppgåva er langt mindre i omfang, og studenten har mykje kortare tid til både læring, modning og produksjon. Rettleiarar bør og normalt følgje opp masterstudentar tettare. Den viktigaste skilnaden er likevel at eit masterarbeid ikkje treng å vere vitskapleg publiserbart. Det er sjølvsagt flott om prosjektet kan munne ut i ein vitskapleg artikkel, men dette er ein bonus og ikkje noko som vert prioritert framfor masteroppgåva i seg sjølv.

Masterstudiet skal ha mange ulike læringsutbytter

Masterstudentane våre skal tileigne seg mange ulike læringsutbytter (sjå "Kva lærer du" på programmet ditt). Dei skal få kunnskapar om fag og forskingsmetodar, og ferdigheiter til å bruke kunnskapene og metodane til å løyse nye problem og presentere resultata. Dei skal og utvikle generell kompetanse til både sjølvstendig arbeid og deltaking i fagfellesskapet, samt ei reflektert haldning til forsking, vitskap og forskarars rolle og ansvar i samfunnet. Rettleiarar har difor eit breitt mandat som går utover å sørge for at studenten kjem i hamn med sjølve oppgåva.

Instituttet har sett i verk fleire tiltak for å støtte rettleiarane i dette arbeidet. «Masterseminar» gir studentane opplæring i å skrive vitskapleg og lese vitskaplege tekstar. Instituttet forventar at rettleiarar oppmodar sine studentar til å delta på relevante masterseminar.

Publisert 18. mai 2026 11:41 - Sist endret 18. mai 2026 14:22