English version of this page

Ingen har gjort dette før

Sjå dei nye nærbileta av sola frå Solar Orbiter. Bileta viser framdrifta til ESA/NASA-romfartøyet på reisa mot sola.

Nærbilder av solen

Den nye biletsekvensen frå Solar Orbiter viser ekstraordinære bilete av Sola frå nært hald. Sekvensen dekkjer 20. september–10. oktober. Bilete: ESA & NASA/Solar Orbiter/EUI Team

Solar Orbiter hadde si hittil næraste tilnærming til sola 12. oktober 2022 kl. 21:12 CEST. Sekvensen vart teken av Extreme Ultraviolet Imager (EUI) ved bruk av Full Sun Imager (FSI) teleskopet, og viser sola ved ei bølgjelengd på 17 nanometer.

Denne bølgelengda blir send ut av gass i solatmosfæren med ein temperatur på rundt ein million grader. Fargen på dette biletet er kunstig lagt til fordi den opphavlege bølgelengda som vart oppdaga av instrumentet er usynleg for det menneskelege auget.

Jobbar for tryggleiken vår

Så mykje av det moderne samfunnet er avhengig av romfartøy i bane rundt jorda for å gi viktig kommunikasjon og navigasjon. Å forstå meir om sola og «romveret» ho genererer, vil hjelpa å sikra satellittar i bane rundt jorda.

Video: Mot slutten av sekvensen ser det ut til at biletet hoppar litt. Dette skjer dei dagane EUI ikkje returnerte data til jorda. Den farga linja øvst på biletet viser den imponerande mengda data som vart samla inn i denne perioden, saman med dei små glippane i datadekninga.

 

 

 

RoCS på oppdrag med ESA og NASA

Solar Orbiter er det mest komplekse vitskaplege laboratoriet som nokon gong har vorte sendt til sola. Den vart lansert 10. februar 2020 frå Cape Canaveral i Amerika.

RoCS - Rosseland Center for Solar Physics har vore ein del av oppdraget frå starten og forskarane og ingeniørane deira speler nøkkelroller på eit av fjernmålingsinstrumenta: SPICE (Spectral Imaging of the Coronal Environment).

Les meir om RoCS forskingsprosjekt "SPICE on Solar Orbiter" (RoCS engelske nettside).

Les artikkelen "Brennhete bilete av sola" (RoCS nettside).

Emneord: RoCS, Solar Orbiter, SPICE, ESA Av ESA / Eyrun Thune
Publisert 13. okt. 2022 14:28 - Sist endret 13. jan. 2023 11:30