Faglige interesser
Mine forskingsinteresser dreier seg om modellering av komplekse katalytiske prosessar. Målet mitt er å løyse praktiske problem innan katalyse basert på fundamental mekanistisk innsikt. Mine viktigaste verktøy er tettleiksfunksjonalteori (DFT), molekylær dynamikk (MD), mikrokinetisk modellering og numerisk fluiddynamikk (CFD). Eg kombinerer desse verktøya for å modellere katalytiske reaktorar frå dei aktive seta (Å-skala) til reaktoren (cm-skala). Det potensielle resultatet er ei detaljert innsikt i fordelinga av involverte molekyl i reaktoren under drift. Slik innsikt kan vidare gi oss idear om korleis vi kan modifisere katalysatoren og/eller reaktoren for å optimalisere selektiviteten og stabiliteten.
Bakgrunn
- Postdoktor - Politecnico di Milano, Italia
- Nov 2019 - Okt 2021
- Forskar- Universitetet i Oslo, Noreg
- Okt 2018 - Sep 2019
- Forskar- Institute of High Performance Computing, Singapore
- Jan 2015 - Sep 2018
- Postdoktor - Iniversitetet i Torino, Italia
- Okt 2013 - Okt 2014
- Forskar - Universitetet i Oslo, Noreg
- Des 2011 - Sep 2013
- Gjesteforskar, Sintef, Noreg
- Des 2010 - Des 2011
- Doktorgradsstudent - ICIQ, Spania
- Jun 2005 - Nov 2010
Priser
- Marie Skłodowska-Curie Individual Fellowship - H2020-MSCA-IF-2018