English version of this page

Om senteret

Senter for materialvitskap og nanoteknologi er drive av Kjemisk og Fysisk institutt, og er MN-fakultetet si satsing på materiale, fornybar energi og IKT. Forskinga held høg internasjonal standard, noko som trekker til seg mykje ekstern finansiering og dyktige stipendiatar og postdoktorar.

Forskargrupper

  • Katalyse
    • I katalyseseksjonen forskar vi på både homogen og heterogen katalyse. Vi legg omtrent like stor tyngd på dei tre hovudområda syntese, karakterisering og målingar av effekten til katalysatorane.

  • Strukturfysikk

    • Strukturfysikk jobbar med material- og nanovitskap. Gruppa bruker avansert transmisjons-elektronmikroskopi og avansert modellering til å kartleggje oppbygginga til materiala og eigenskapane på atomært nivå.


       

  • Elektrokjemi

    • Vi forskar på berekraftig elektrokjemisk konvertering mellom fornybar energi og brensel og kjemikaliar som hydrogen og ammoniakk, samt fangst og utnytting av CO2. Forskinga vår fokuserer på defektar og transport i materiale, brenselceller og elektrolysørar, gasseparasjonsmembranar, hydrogen og fotoelektrokjemi.

  • Nanostrukturar og funksjonelle materialar (NAFUMA)

    • Hovudaktiviteten vår er knytt til syntese og karakterisering av materiale, krystallvekst, atomær lagdeponering (ALD) av tynne filmar, bestemming av krystallstruktur og studiar av strukturelle, termodynamiske, magnetiske og elektriske eigenskapar.
  • Light and Electricity from Novel Semiconductors (LENS)

    • Visjonen vår er applikasjonsmotivert grunnforsking. Vi jobbar med grunnleggjande materialvitskap og fysikkemne, med eit klart mål om langsiktige bruksområde som er relevante for å mogeleggjere teknologi for fornybar energi.
       

Organisasjon

Administrativ organisasjon ved senteret

Teamet består av administrative ressursar for kvar av forskargruppene, ein EU-koordinator frå MN-fakultetet og ein økonomiansvarleg. Hovudmålet er å yte administrativ støtte til dei framifrå internasjonale forskarane våre. Det gjer vi gjennom å:

  • bidra med administrativ støtte ved søknader til EU og Noregs forskingsråd,
  • profesjonalisere prosjekthandteringa,
  • leggje til rette for betre utnytting og god drift av teknisk infrastruktur,
  • vere i framkant og bidra til å skape høve for samarbeid med industri og andre samarbeidspartnarar.

Dei administrative ressursane er organisert i Team SMN, som er leia av kontorsjef Kristin Hubred Nygård:

Kontorsjef SMN: 
Kristin Hubred Nygård

Rådgjevar Elektrokjemi og
Strukturfysikk (tidlegare FERMiO):
Ingvild Garmo Nilsson

Rådgjevar Katalyse: 
Tonje Berg Steensen

Rådgjevar Halvleiarfysikk/ LENS: 
Maren Skjøstad Nygaard

Rådgjevar NAFUMA:
Narmina Mitchell

EU-koordinator:
Jørgen Kirksæther

Rådgjevar prosjektøkonomi: 
Ivana Vujic-Pavicevic

Førstekonsulent:
Anabell Parr

   

Leiinga

SMN blir leia av senterleiar Øystein Prytz i samarbeid med leiargruppa som består av medlemmer frå dei fem forskargruppene:

Styret

Styret i SMN består av:

Senterleiar leiar møtene i praksis, og sekretærrolla er delegert til administrativ leiar, Kristin Hubred Nygård

Finn fram

Senter for materialvitskap og nanoteknologi held til i fire forskjellige bygningar på Blindern og Gaustad.

Administrasjon, Katalyse og NAFUMA

Kjemibygningen, Sem Sælands vei 26

Elektrokjemi og Strukturfysikk

Forskningsparken, Gaustadalléen 21

LENS — Kontor

Kristen Nygaards hus, Gaustadalléen 23a

LENS — Lab

MiNaLab, Gaustadalléen 23c

Strategi

Strategien til SMN fokuserer på fire felt: Berekraftig energiutnytting, forskarutdanning, innovasjon og Team SMN.

Berekraftig energiutnytting

Ein massiv forskingsinnsats på fornybar energi og klimavenleg bruk av fossile energikjelder vil på sikt gje berekraftige løysingar, og fortenesta som følgjer er ein stor internasjonal kunnskapsbasert industri. SMN ynskjer ei sentral nasjonal rolle basert på ei sterk og brei kompetanseplattform. Med utgangspunkt i denne grunnmuren skal SMN støtte tverrfaglegheit og dyrke fram nye store forskingsprosjekt i samarbeid med instituttsektoren, industripartnarane og andre universitet.

Forskarutdanning

Omtrent 120 personar er knytt til SMN i dag. Berre 13 av desse er faste vitskapeleg tilsette. Vi har dermed eit betydeleg ansvar for å bidra til utvikling og rekruttering av ei stor og mangfaldig gruppe av unge, talentfulle mastergradsstudentar, PhD-studentar, postdoktorar og forskarar. På grunn av dette er forskarutdanninga eit av hovudsatsingsområda for den komande strategiperioden.

Innovasjon

Kreativitet er eit sentralt aspekt ved all forsking. SMN har som mål at denne kreativiteten skal gje utslag i kommersielle anvendingar av forskinga. Allereie i dag er SMN-miljøet eit av mest idérike ved UiO. Tre av dei fire spin-off-selskapa til UiO innan fornybar energi – Protia AS, Baldur Coatings AS og NorEcs AS – har opphavet sitt i SMN.

Team SMN

Arbeidsbelastinga for forskarar med suksess er i dag stor. Konkurransen er hard, og mykje arbeid vert lagt i eit stort antall søknadar som ofte involverer mange partnarar. Når prosjektene er innvilga skal dei leias, og rettleiingsjobben som fylgjer med stipendiatstillingane er betydeleg. I tillegg kjem rapportering og formidling av resultat. Dette betyr at staben av fast vitskapleg tilsette er sårbar. Difor er det i større grad enn tidligare viktig med god administrativ støtte. Forsking i verdsklasse krev administrativ støtte av høg kvalitet.

Helse, miljø og tryggleik (HMT)

HMT-arbeidet ved SMN vert varetatt av vertsinstitutta, Kjemisk og Fysisk institutt.

HMT ved Kjemisk institutt

HMT ved Fysisk institutt

Informasjon om HMT ved UiO

IT-tenester ved UiO

Generelle føre­spurnadar om IT skal kanaliseres til:

it-hjelp@uio.no

Labrelaterte IT-spørsmål:

Kjemibygningen: forskningsit@kjemi.uio.no

Forskingsparken og MiNaLab: 
lab-data@fys.uio.no

Kontaktinformasjon

Postadresse:
Senter for materialvitskap og nanoteknologi
Universitetet i Oslo
Postboks 1126 Blindern
0318 Oslo

Tlf: (+47) 22 85 73 80
E-post: post@smn.uio.no

Kontorsjef: Kristin Hubred Nygård

Senterleder: Øystein Prytz