print logo
English version of this page

Nettverk og distribuerte system (ND)

Gruppa for Nettverk og Distribuerte system fokuserer på internett for framtida, der alt og alle kommuniserer. Vi undersøker paradigmer, arkitekturar og metodar som kan nyttast i utvikling av nye distribuerte applikasjonar. Forskinga til gruppa fokuserer på korleis slike applikasjonar kan lagast slik at dei oppfyller forventningane til brukarane når det gjeld sikring, pålitelegheit, korte svartider osv. Vi validerer våre resultat på mange måtar, med vekt på simuleringar, prototypar og reelle eksperiment.

Forskingsgruppa ND er eit assosiert toppforskingsmiljø ved Det Matematisk-Naturvitskaplege fakultet. Gruppa er knytt til Universitetet i Oslo og Simula Forskingslaboratorium.

Meir informasjon er å finne på den engelske versjonen av gruppesida.

Publisert 18. nov. 2010 14:25 - Sist endra 14. aug. 2015 13:03

Kontakt

Gruppeleiar: Stein Gjessing

 

Prosjekt