Kan det vera ni planetar i solsystemet likevel?

Nei, det er ikkje Pluto som er teke inn i varmen igjen. Berekningar viser at det kan vera eit større objekt ytst i solsystemet.

bildet av Melkeveien og ørkenlandskap

Kva finst det ute i universet? Søket etter planetar er slett ikkje over. Foto av John Fowler på Unsplash.

Foto: John Fowler på Unsplash

Jakta på nye planetar er noko som ikkje berre gjeld andre solsystem. Betre teleskop og observasjonar har gjort det mogleg å sjå objekt i vårt eige solsystem som er verkeleg langt unna. To forskarar, Mike Brown og kollegaen Konstantin Batygin ved California Institute of Technology, laget eit kart over banane til desse objekta. Dei såg at banane såg ut til å peika i ei bestemd retning. Dei laga ei simulering av solsystemet med ein hypotetisk Planet ni og såg at dei klarte å attskapa det same mønsteret. Dermed var jakta på dette ukjende objektet i gang.

Ein av forskarane som har kasta seg ut i jakta er Sigurd Kirkevold Næss, astrofysikar på Institutt for teoretisk astrofysikk ved Universitetet i Oslo.

Les heile artikkelen på Titan.uio.no

Publisert 18. apr. 2023 10:34 - Sist endret 27. juni 2026 09:51