Fekk nobelprisen for svarte hol

Tre prisvinnarar deler årets Nobelpris i fysikk for arbeidet sitt med svarte hol, dei mørkaste og mest eksotiske løyndommane i universet. Astrofysikarar ved Institutt for teoretisk astrofysikk jublar.

tegner av vinnerne til nobelpris i fysikk 2020

Prisvinnarane slik Nobelkomiteens illustratør ser dei.

Både observasjonar og teoretisk arbeid om svarte hol får nobelprisen i fysikk i år. Prispengane på ti millionar svenske kroner er delte i to.

Den eine halvparten går til fysikar og matematikar Roger Penrose, professor ved University of Oxford i Storbritannia. Penrose får prisen for matematiske metodar han utvikla på 1960-talet. På den tida var mange usikre på om svarte hol kunne eksistera.

Den andre halvparten blir delt av astrofysikarane Reinhard Genzel og Andrea Ghez. Dei får han “for oppdaginga av eit supermassivt kompakt objekt i sentrum av galaksen vår, gjennom ein observasjonskampanje som tok over 26 år!

–  Eg vel å ta det som ei anerkjenning av kor viktig vårt fagfelt er, ikkje berre for å forstå universet, men også for å testa og vidareutvikla grunnleggjande fysikk, seier Øystein Elgarøy, professor i astronomi ved Institutt for teoretisk astrofysikk.

Les heile artikkelen på Titan.uio.no

Emneord: Nobelpris, Astronomi og astrofysikk, fysikk Av Martina D'Angelo
Publisert 9. okt. 2020 10:22 - Sist endret 25. mai 2023 12:42