UiO er med på romferd mot sola

10. februar blir Solar Orbiter skoten ut i verdsrommet. Med på ferda mot sola er programvare utvikla ved Institutt for teoretisk astrofysikk

sola, illustrasjon, romsatellitt
Solar Orbiter vil komma mykje nærare sola enn noko tidlegare europeisk romobservatorium, og ho vil ta fantastiske nærbilete av soloverflata. Illustrasjon: ESA/ATG Medialab.
  • Korleis blir magnetfeltet til sola til?
  • Korleis utviklar det seg over tid?
  • Og korleis forandrar det seg utover i solatmosfæren?

Solar Orbiter, som er eit romfartøy laga av den europeiske romforskingsorganisasjonen ESA i samarbeid med NASA, vil hjelpa solfysikarane med å avdekkja dette eldgamle mysteriet.

10. februar klokka 05.27 norsk tid blir skoten opp frå Cape Canaveral Air Force Station i Florida.

Forskarar ved Universitetet i Oslo utviklar programvare for SPICE, eitt av ti instrument på satellitten.

Les saken på TITAN.UIO.NO

Publisert 7. feb. 2020 10:32 - Sist endret 3. feb. 2023 10:26