Det nærmar seg oppskyting av det etterlengta teleskopet som kan «sjå» tilbake til då universet var ungt. No er teleskopet på plass og dei siste førebuingane blir gjorde ved Det guyanske romsenteret i Fransk Guyana. Der ligg oppskytingsrampa til Den europeiske romfartsorganisasjonen, som står for leveringa av det svært etterlengta og forseinka James Webb-teleskopet ut i rommet. 18. desember skal sjølve oppskytinga skje.
Håkon Dahle, astrofysikar ved Institutt for teoretisk astrofysikk (ITA), er medlem av fleire forskargrupper som er blant dei første som faktisk skal bruka James Webb-teleskopet til forskingsprosjekt. James Webb-teleskopet blir brukt til å sjå dei fjernaste og eldste galaksane i universet, i perioden dei vart til. Dette har aldri vorte sett før av noko teleskop, ifølgje NASA.
– Det handlar også om å sjå gjennom støv ute i rommet, seier Håkon Dahle.
James Webb-teleskopet skal ikkje sjå på vanleg, synleg lys. Det skal nesten berre ta inn infraraudt lys. Det er bølgelengder me ikkje kan sjå, så teleskopet ser lys som er usynleg for oss.
Les heile saka på Forskning.no
Les òg
"Skal studere galakser fra universets ungdom med det nye James Webb-teleskopet", artikkel på Titan.uio.no