Mot lysare tider

Kva som eigentleg er greia med vintersolverv? Astrofysikaren Sondre Vik Furuseth gir ein kort og førebels enkel forklaring i denne saka for Aftenposten.no.

illustrasjon av vintersolverv, årstider, jorda og solen

Vintersolverv er dagen då den nordlege delen av jordkloden er lengst unna sola. Det skjer kvart år den 21. eller 22. desember.

– Jorden snurrar rundt seg sjølv. Det gir oss dagane. Men jorda snurrar også rundt sola, med ei helling på 23,5 grader. Det gir oss året og årstidene, forklarer Sondre Vik Furuseth, postdoktor ved Institutt for teoretisk astrofysikk på Universitetet i Oslo (UiO).

– Ulike delar av kloden ser sola i ulik grad, seier Furuseth og held fram:

– Mellom anna vil talet på soltimar pr. dag svinga gjennom året for oss i Noreg – jo meir jo lengre nord du bur.

Det er Nordpolen som er aller lengst unna sola i dag. Jo lengre nord, jo meir mørke.

– Samtidig har den sørlege delen av kloden årets mest solrike dag i dag, held fram Furuseth.

Sør for ekvator går dei altså mørkare dagar i møte frå og med i dag. Medan dei som bur langs ekvator ikkje vil merka nokon forskjell. Der er dag og natt like lange, året rundt.

Les heile saka på Aftenposten.no

Emneord: vintersolverv, astronomi, jorden, solen, årstid
Publisert 22. des. 2022 13:11 - Sist endret 22. mai 2023 13:01