Sola

Foto: ESA/NASA/SOHO

Sola er vår næraste stjerne. Den er også eit slags sentrum for heile tilværet vårt. Utan sola ville det ikkje ha vore noko solsystem, langt mindre ei livgivande kjelde for jorda. Nesten alt liv me kjenner til er avhengig av sola som energikjelde (Unntaket er nokre bakteriar og mikroorganismar som får energien sin frå jordas indre). Storleiken på sola er også ein viktig faktor for at liv skal kunna trivast her på jorda. I tillegg gir sola den beste moglegheita for å observera korleis ei stjerne fungerer. Fordi avstandane er så veldig store i universet, er det mange ting me kan observera på sola med sjølv enkle hjelpemiddel, som er veldig vanskeleg å observera på dei stjernene som ligg nærast sola med dei mest avanserte teleskopa me har i dag. Viss me forminska solsystemet 10 milliardar gonger, ville avstanden mellom jorda og sola vore 15 meter. Avstanden til den næraste stjerna til sola, ville vore 4000 kilometer som svarer til avstanden mellom Oslo og Kanariøyane.

Sola er ei gjennomsnittleg stjerne omtrent 4,5 milliardar år gammal. Den er inne i ein fase av livet sitt der alt går relativt roleg for seg. I kjernen blir hydrogenatom fusjonerte til helium, som gir opphav til strålinga som sola sender ut. Så lenge det er rikeleg med hydrogen til stades, vil denne kjernebrenninga fortsetja med same stabile intensitet. Men når sola nærmar seg det dobbelte av den alderen han har no, så vil han byrja å gå tom for hydrogen i kjernen. I staden består kjernen hovudsakleg av helium, som vil få trykket i kjernen til å auka. Dermed vil hydrogenfusjonen fortsetja rundt heliumkjernen med fornya intensitet. Dette gjer at dei øvre laga av sola utvidar seg, slik at sola blir ei raud kjempe. Etter kvart som meir og meir av drivstoffet blir brukt opp vil fusjoneringa i sola til slutt stoppa opp, og sola blir til ein kvit dverg.

Illustrasjon: Wikimedia Commons (til norsk ved S. Bjølseth). Trykk på bildet for større utgave.

Sidene er under utvikling, og du vil etter kvart finna informasjon om

  • Solas indre
  • Solatmosfæren
  • Magnetfeltet til sola
  • Helioseismologi

Les meir om sola på Dei åtte planetane på astronomi.no

Av Silje Bjølseth
Publisert 29. apr. 2011 12:26 - Sist endret 27. okt. 2023 11:24