Leksikonrekord

Oppdatert, vitskapleg informasjon, tilgjengeleg for alle og sikra av fagfolk.

Skjermdump av kategorien Astronomi på snl.no

Kategorien «Astronomi» i Store norske leksikon.

Store norske leksikon har på få år gått gjennom ei stor forandring frå 16 trykte bind i bokhylla heime i stova heime hos ein relativt liten del av befolkninga, til eit av Noregs best besøkte nettstader med Google som viktigaste inngangsport. Det er det einaste nasjonalleksikonet i verda som har funne ein modell der mellom anna universiteta kan driva kollektiv forskingsformidling som når fram til verkeleg mange lesarar. 
 

I leksikonet formidlar forskarane sjølv kunnskap direkte til allmenta, utan nyheitsvinkling.

Alle kan senda inn forslag til endringar av ein leksikonartikkel, og forslaga blir vurderte av ein fagansvarleg for det spesifikke fagområdet. Med 2 millionar unike brukarar i månaden, er Store norske leksikon Noregs største nettstad for forskingsformidling. Det er mange fagfolk, både på universiteta og andre stader, som bidreg til leksikonet med kunnskapen sin.

Ein halv million las om astrofysikk i 2017

Universitetet i Oslo er ein av dei 15 eigarane av leksikonet. I kategorien «Realfag» har Universitetet i Oslo 11 fagansvarlege, og heile 3 av desse er frå Institutt for teoretisk astrofysikk. Til saman har dei tre fagansvarlege frå astrofysikk ansvar for 1179 artiklar i leksikonet, og i 2017 vart desse artiklane lese over ein halv million gonger.

Dei fagansvarlege frå Institutt for teoretisk astrofysikk er Kaare Aksnes, Oddbjørn Engvold og Anna Kathinka Dalland Evans. I tillegg er to fagmedarbeidarar med master frå instituttet, Kristin Carlsson og Maria Hammerstrøm, aktivt involvert i arbeidet med å forbetra astronomiartiklane.

Totalt vart UiOs artiklar lesne 14,7 millionar gonger i 2017, det er eit rekordtal i Store norske leksikons historie.

Publisert 8. jan. 2018 11:39 - Sist endret 14. mai 2024 10:25