Ungforsk er initiert av Akershus fylkeskommune, og blir arrangert kvar haust for elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule.
Årets Ungforsk vart arrangert av Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, Universitetet i Oslo.
Foredraga som elevane fekk høyra frå Institutt for teoretisk astrofysikk:
- Ei kosmisk reise tilbake til Big Bang, av professor Frode Hansen: Me skal ut på ei reise i universet og oppdaga stjerner, planetar og galaksar og prøve å forstå kva desse er for noko. På vegen skal me også bli kjende med nokre av dei største mysteria til universet. Til slutt skal me reisa bakover i tid til Big Bang og sjå korleis galaksar, stjerner og planetar kan ha vorte til.
- The Science of Science fiction, av førsteamanuensis Hans Kristian Eriksen: Kor lang tid bruker eigentleg Han Solo på å reisa frå Tatooine til Alderaan i ein nyoppussa Millenium Falcon? Kan ein bruka ormehol til å reisa i tid og rom? Science fiction gir oss tilgang til ei verd der alt er mogleg, ei verd der lovene til fysikken kan tøyast og tilpassast. Men kva er eigentleg mogleg, og kva er faktisk heilt umogleg?
- Astronomisk søreintur, av phd-stipendiat Kristin Mikkelsen, professor Øystein Elgarøy og formidlingsansvarleg Anna Kathinka Dalland Evans: Kva gjer eigentleg ein astronom? Korleis ser dei beste teleskopa ut? Finst det livet på andre planetar? Miniforedrag om korleis det er å observera med profesjonelle teleskop/observatorium, om vår eiga sol og om andre solsystem.
AvAnna Kathinka Dalland Evans
Publisert 26. sep. 2012 13:35 - Sist endra 27. okt. 2017 12:54